«Kåre, du bedårer ...»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han er omtala som ein av dei kjekkaste mennene i Noreg. Han er multikunstnar og besteven med kongefamilien. Førstkomande mandag kjem Kåre Conradi ut med si første plate. Vi har møtt den kjende platede

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Platedebutant og medmenneske; eg møtte Kåre Conradi.Platedebutant og medmenneske; eg møtte Kåre Conradi.

Alle veit kven han er. Han har eit av dei mest kjende namna i Noreg. I tillegg til å vere songar og underhaldar, er han ein av dei mest profilerte skodespelarane i landet. Han skapte også store overskrifter som forlovaren til Ari Behn.

Korleis er det mogleg å vere så innmari vellukka?

Eg møtte sjølvaste Kåre Conradi på ærverdige Bristol Hotell i Oslo.

Full rulle


Mykje skjer på Bristol denne fredagsmorgonen.

På vegen mot Bibliotekbaren møter vi Jan Åge Fjørtoft. Han står saman med to jenter med posar med klede og andre rekvisita. - Eg skal bli ny i dag, skjønar de, seier Jan Åge Fjørtoft med avslepen sunnmørsdialekt og med ein viss skepsis i røysta. Kåre ler, alle ler. Eg ler med.

Etter ei stund med tull og tøys sig eg og Kåre Conradi ned i kvar vår djupe chesterfieldstol.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Og intervjuet byrjar med at Kåre spør ut meg istaden for omvendt; namnet mitt, jobben min og andre personlege ting. Kåre Conradi har ei eiga evne til å vere ekte og oppriktig interessert.

Så spør eg det eg har lurt på så lenge:

Korleis er det å vere så vellukka?

- Vellukka, eg? Kåre Conradi ser plutselig ut som eit spørsmålsteikn.

Ja, både karrieremessig og privat, meiner eg. Alt du tek i blir liksom gull? Skodespelar, songar, entertainer og no plate ...

- På plata møter eg publikum mellom linjene, fortel Kåre Conradi.- På plata møter eg publikum mellom linjene, fortel Kåre Conradi.

Kåre er klok i blikket og ser direkte på meg når han pratar. - Nei, slik er det nok ikkje, sjølv om det har vorte framstilt slik i media. Han er ærleg når han fortel om det som har vore.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det siste året er eit ganske klart bevis på at det ikkje berre har vore solskin. Det har vore slitsamt i perioder, og det siste året har eg vore sjukmeldt etter eg fekk meg ein skikkeleg trøkk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Men no har eg lært og er betre til å ta vare på meg sjølv. Eg meiner eg har vorte flinkare til å seie nei, fortel han overtydande.

Eg er overraska over at han fortel om den tunge tida til meg som er journalist.

Nære inspirasjonskjelder

Kvar har du henta inspirasjonen ifrå til «God dag»?

- Visesjangeren har alltid betydd mykje for meg. Lars Klevstrand, som eg meiner er best på formidling, spurte meg for fire år sidan kva tid eg skulle kome med noko eg hadde skapt sjølv innan visesjangaren. Det var det sparket eg trengde for å kome i gong, ler han.

(Foto: Kulturmeglerne.no)(Foto: Kulturmeglerne.no)

Han fortel vidare: - På plata har eg valt ut dikt som treff meg og som har noko i seg som eg vil fortelje vidare. «God dag» er også svært personleg, og om lyttarane høyrer og les litt mellom linjene, ser dei meg.

- Det har også vore viktig for meg å ikkje «trakke» på forfattarane av dikta. Med «God dag» vil eg tilføye noko nytt, samstundes som eg tek vare på - og bringer vidare, det som står i dikta. Eg vil ikkje «overpolere» dikta, slik at sjølve meininga forsvinn, fortel han ivrig.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Diktlæraren min frå Teaterhøgskolen var ei nær venninne av Halldis Moren Vesaas, og gjennom ho lærde eg dikta hennar å kjenne. Desse dikta skildrar situasjonar vi alle har opplevd, og ho skriv på ein slik måte at både menn og kvinner kan leve seg inn i dei, forklarar han.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nynorsktilhengjar


- Eg er også veldig glad i det nynorske språket. Kanskje er det skodespelaren i meg som likar denne doble måten å uttrykkje seg på? Eg veit ikkje, men nynorsk er så mykje rikare enn bokmål på så mange måtar.

- I tillegg har eg skrive halvparten av all musikken sjølv. Eg har alltid skrive musikk, og det å få samarbeide med dei fantastiske musikarane på denne plata har vore utruleg flott.

Han fortel energisk vidare om den komande plata, duetten med Nora Brockstedt, at faren hans var krokodillen i «Alle dyrene i Afrika» som song «oiaoia-ahahaha», og korleis han kontakta Odd Børresen med ein demo der han song kva han hadde tenkt Børresen skulle bidra med på «God dag».

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei tretti minutta vi hadde til rådvelde, er omme, men før han går får eg ein god klem, før han må haste vidare til neste avtale.

Han gir mykje av seg sjølv, Kåre Conradi. Det er bra han har lært seg å seie nei, slik at vi ikkje brukar han opp ...

(Alle foto: Karoline Riise Kristiansen)

Kåre Conradi lanserer plata «God dag» mandag 19. september.Kåre Conradi lanserer plata «God dag» mandag 19. september.



- Førstkomande mandag gir Kåre Conradi ut si første plate, «God dag». Kåre Conradi kan fortelje at han er både spent og nervøs, noko eg aldri hadde trudd.

- På plata «God dag» syner Kåre Conradi atter ein gong den særskilde evna han har som forteljar og formidlar av kulturelle skattar. Plata er ei salig blanding av jazz og vise, med nytolkningar av velkjende songar og eigenprodusert musikk til dikt av mellom anna Halldis Moren Vesaas, Kolbein Falkeid, Andre Bjerke og Erik Bye.

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar