Rff-prisen til Leif Stinnerbom

Rådet for folkemusikk og folkedans (RFF) har vedteke å gje Rff-prisen 2005 til teatersjef Leif Stinnerbom på Västanå teater i Värmland.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Av Inger Robøle Kristiansen, NPK

Svenske Leif Stinnerbom får Rff-prisen for innsatsen for norsk folkemusikk og dans på norske scener. (Foto: Anders Malm, NPK)Svenske Leif Stinnerbom får Rff-prisen for innsatsen for norsk folkemusikk og dans på norske scener. (Foto: Anders Malm, NPK)

Rff-prisen blir delt ut for omfattande og verdfull innsats for norsk folkemusikk og/eller folkedans. Det er første gongen at denne prisen går ut av landet.

Men det er ein banebrytande innsats for norsk folkedans og folkemusikk som blir verdsett, og Rådet finn det særleg gledeleg og høveleg at prisen går til Sverige i markeringsåret for 1905.

Tradisjonsmusikk og dans


Stinnerbom har bakgrunnen som utøvar, med djupe røter til samisk og svensk tradisjonsmusikk og tradisjonsdans. Ved sida av dei mange store oppsetjingane heime i Värmland har han sett opp fleire klassikarar med sitt spesielle folkemusikk- og folkedansuttrykk her i Noreg, som «Peer Gynt» på Rogaland Teater i Stavanger og «En midtsommernattsdrøm» på Den Nasjonale Scene i Bergen.

Han har også vore med og skapt heilt nye framsyningar som «Skal, skal ikkje» for Førde internasjonale folkemusikkfestival og «Meistermøy» for prosjektet Fjordapuls - Bygda dansar.

- Saman med kona Inger har Stinnerbom skapt fargesterke, kreative rom for bruk av folkemusikk og folkedans på scenen, heiter det frå juryen.
- Arbeidet hans har vore ein heilt avgjerande og sentral inspirasjon for det aller meste av den tydelege nyorienteringa som har skjedd i Noreg når det gjeld scenisk presentasjon, spesielt av folkedans, men og av folkemusikk dei seinare åra.

Når Stinnerbom har vorte så viktig, er det mellom anna fordi han maktar å gripa fatt i sentralt, djuptliggjande uttrykkspotensial i den folkelege kulturen som han på ein meisterleg måte byggjer iscenesetjingane sine på, heiter det frå juryen.

Tryllefløyta


«Tryllefløyta» er eit nytt høgdepunkt som kjem no i haust. Dette er folkemusikkversjon av Mozarts kjende verk, med ei rekke topputøvarar frå norsk folkemusikk i hovudrollene.

Stinnerboms oppsetjing for dei norske og svenske Rikskonsertane har

Svenske Leif Stinnerbom (i midten fremst) får Rff-prisen for innsatsen for folkemusikk og dans på norske scener. Her er han omkransa av Øyonn Groven Myhren, Odd og Aasmund Nordstoga og Jon Anders Halvorsen. (Foto: Ola Sæther, NPK)Svenske Leif Stinnerbom (i midten fremst) får Rff-prisen for innsatsen for folkemusikk og dans på norske scener. Her er han omkransa av Øyonn Groven Myhren, Odd og Aasmund Nordstoga og Jon Anders Halvorsen. (Foto: Ola Sæther, NPK)

premiere på Den Norske Opera 14. oktober. Der skal kulturminister Valgerd Svarstad Haugland dele ut Rff-prisen etter teppefall.


I godt selskap


Rff-prisen vart delt ut for første gong i 1993 med Knut Buen som prisvinnar. Seinare har Sigmund Eikås, Agnes Buen Garnås, Sven Nyhus, Tor Stallvik, Liv Greni, Olav Sæta, Leif Løchen, Kirsten Bråten Berg, Hallvard Kvåle, Geir Egil Larsen og Jostein Mæland fått prisen. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Personvernpolicy