Forteljingar tema for Osafestivalen

Forteljingar er temaet for Osafestivalen på Voss i dagane 20. til 23. oktober.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Knut Buen har eit program der han fortel om seg sjølv som musikarar og skribent, og eit anna der han kåserer om den legendariske spelemannen Jørgen Tjønnstaul.Knut Buen har eit program der han fortel om seg sjølv som musikarar og skribent, og eit anna der han kåserer om den legendariske spelemannen Jørgen Tjønnstaul.

Alt ved opningskonserten blir forteljar-temaet slått an med musikk av Modus mellomalderensemble og skodespelaren Knut Risan som les tekstar av Guillaume de Machaut.

Musikaren i ensemblet er Gro Siri Johansen, Elisabeth Gaver og Hans Olav Gorset. Samanlagt skal dei gje eit lyst bilete av mellomalder og kjærleik, heiter det frå programnemnda.


Klassisk og folkemusikk


Som før skal Osafestivalen vera ein møtestad for klassisk musikk i vid forstand og folkemusikk. I år blir det ikkje framført tingingsverk, men to større produksjonar.

I framsyninga av mellomalderballaden «Harpa», spelar Harald Hårfagre kammerorkester med Nils Økland i spissen.I framsyninga av mellomalderballaden «Harpa», spelar Harald Hårfagre kammerorkester med Nils Økland i spissen.

Bergen Barokk og skodespelarar frå Bergen framfører ei musikalsk historie om kjærleiken med dei sorgene og gledene den fører med seg. Musikken er henta frå ei samling kantater frå 1700-talet.

I framsyninga av mellomalderballaden «Harpa», spelar Harald Hårfagre kammerorkester med Nils Økland i spissen. Det blir kveding av Ingvild Marit Buen Garnås og dans av Mia Haugland Habib og Ingeleiv Berstad.

Klangen frå 1905


Også Osafestivalen har si markering av 1905-hendingane på programmet. Under tematittelen «Klangen frå 1905» blir det både seminar og konsertar.

Osafestivalens far, Sigbjørn Bernhoft Osa, blir minna med konsertar i Sæveli, heimen til Osa. Der spelar blant andre Gunnar Stubseid og Einar Mjølsnes.Osafestivalens far, Sigbjørn Bernhoft Osa, blir minna med konsertar i Sæveli, heimen til Osa. Der spelar blant andre Gunnar Stubseid og Einar Mjølsnes.

Konserten «Frå Ole Bull til Sigbjørn Bernhoft Osa» blir halden i Sæveli, heimen til Osa. Der spelar blant andre Gunnar Stubseid og Einar Mjølsnes. Der blir det også konsert med Henning Sommerro og Aage Kvalbein i ein sjeldan kombinasjon av piano/trekkspel og cello.

Desse to musikarane fører også vidare det populære «Mat, musikk og vin»-tilbodet på festivalen, og presenterer musikk som høver til forskjellige typar av mat og vin.

Steinar Ofsdal og vener


Fløytisten Steinar Ofsdal spelar musikk frå forskjellige verdsdelar saman med to musikarar frå Vest-Afrika; Becaye Aw og Kouame Sereba.Fløytisten Steinar Ofsdal spelar musikk frå forskjellige verdsdelar saman med to musikarar frå Vest-Afrika; Becaye Aw og Kouame Sereba.

Fløytisten Steinar Ofsdal spelar musikk frå forskjellige verdsdelar saman med to musikarar frå Vest-Afrika; Becaye Aw og Kouame Sereba.
Knut Buen har eit program der han fortel om seg sjølv som musikarar og skribent, og eit anna der han kåserer om den legendariske spelemannen Jørgen Tjønnstaul.

Også Hallgrim Berg, Jostein Mæland og fleire skal fortelja historier som har vandra på folkemunne gjennom mange år.

Elles opptrer folkrockgruppa LoMsk, gammaldansgruppa Over Stok og Steen, og det blir konsert med studentane ved Spelemanns- og kvedarskulen på Voss.

Årets Osa-festival er den 15. i rekkja. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk