Tysklandsbrigaden heidra med minneplate

Artikkelen fortsetter under annonsen

Blitzar og medaljar blinka om kapp då forsvarsminister Kristin Krohn Devold avduka ei minneplate til ære for Tysklandsbrigaden på Akershus festning.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fredag avduka forsvarsminister Kristin Krohn Devold ei minneplate til ære for Tysklandsbrigaden.Fredag avduka forsvarsminister Kristin Krohn Devold ei minneplate til ære for Tysklandsbrigaden.

Om lag 50.000 nordmenn tenestegjorde i Tysklandsbrigaden i åra 1947 til -53. Soldatane var beordra til teneste som okkupasjonstroppar i den britiske sona i Tyskland. Norske soldatar «drog til Tyskland for freden», som det vart sagt.

- Tysklandsbrigaden utgjorde ein viktig del av innsatsen for freden etter 2. verdskrig. De som deltok i brigaden var på mange måtar føregangsmenn: de viste tydinga av å delta i internasjonale oppdrag.

Det er viktig å vere ein alliert, ha vener ein kan stole på, sa forsvarsminister Krohn Devold i tala si til dei mange veteranane som var møtt fram.

Ein del av fredsprosessen


Dei 50.000 soldatane var fordelt i ulike brigadar, kvar på 4.200 mann. Deltakinga i okkupasjonen av Tyskland tydde nær militær kontakt med Storbritannia, og var med på å grunngje norsk deltaking i NATO, då dei vestlege landa samla seg i unionen i 1949.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forsvarsminister Kristin Krohn Devold helsar på representantar frå Tysklandsbrigaden, før avdukinga av minneplata til ære for dei 50.000 nordmenn som deltok.Forsvarsminister Kristin Krohn Devold helsar på representantar frå Tysklandsbrigaden, før avdukinga av minneplata til ære for dei 50.000 nordmenn som deltok.

Vidare kan brigaden sjåast på som ein del av fredsprosessen, og eit moralsk handslag til Storbritannia som takk for hjelpa under den 2. verdskrigen. Krohn Devold trakk ei rekkje linjer frå verdssituasjonen den gong, til verda i dag.

- Den kalde krigen er over, i dag har vi andre utfordringar. Det er viktig å ha eit moderne og fleksibelt forsvar, som passar dagens verdssituasjon, sa Krohn Devold.

- Tysklandsbrigaden deltok aktivt i operasjonar ute, for å sikre freden her heime. Med profesjonalitet vann de respekt, det same som norske soldatar i utanlandsteneste må streve for i dag, sa forsvarsministeren.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Hardt arbeid


Kristian Fjelltun synst det var flott å bli heidra med ei minneplate. – Eg har ingen dårlege minner frå tida i Tysklandsbrigaden, seier han.Kristian Fjelltun synst det var flott å bli heidra med ei minneplate. – Eg har ingen dårlege minner frå tida i Tysklandsbrigaden, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kristian Fjelltun, opphavleg frå Lofoten, er ein av veteranane som tenestegjorde i Tysklandsbrigaden. I 1951 var han stasjonert i Tyskland i sju månader. Først i Rendsburg, deretter vart han overflytta til Schleswig. Han ser tilbake på månadene i brigaden som ei spennande tid.

- For ein ung gut var det ein stor oppleving å kome så nær krigen. Det var mange sterke sanseinntrykk, som å sjå Hamburg som låg fullstendig i ruinar, fortel Fjelltun.

Fjelltun og medsoldatane hans var mellom anna innlosjert i kasserner som innanriksminister Hermann Göring hadde fått av sin nære ven Adolf Hitler. Det gjorde inntrykk, fortel Fjelltun.

Avdukinga skjedde på Akershus festning.Avdukinga skjedde på Akershus festning.

Den tidlegare brigadesoldaten var i avdelinga for transport og forsyning, og han fortel at tenesta tydde mykje hardt arbeid, sjølv i helgane. Soldatlønninga var berre på 2,50 kronar, men mange spedde på lønninga med å ta med seg te og sigarettar inn i Tyskland frå Danmark.

- Eg har framleis eit flott fotoapparat som eg bytta til meg for slike varer, fortel Fjelltun.
(NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk