- Tek ikkje imot skitne pengar

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er ingen skilnad på inntekt frå speleautomatar og simpelt tjuvegods, seier leiar Gunhild Berge Stang i Noregs Ungdomslag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Noregs Ungdomslag har alltid sagt nei til å drive med speleautomatar, sjølv i tider då organisasjonen heldt på å gå konkurs. – Heller konkurs enn å ta imot blodpengar, seier NU-leiar Gunnhild Berge Stang.Noregs Ungdomslag har alltid sagt nei til å drive med speleautomatar, sjølv i tider då organisasjonen heldt på å gå konkurs. – Heller konkurs enn å ta imot blodpengar, seier NU-leiar Gunnhild Berge Stang.

I førre veke vann kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland ein viktig kamp i Borgarting lagmannsrett.

Staten fekk medhald på alle punkt i ankesaka om at Norsk Tipping bør ha einerett på drift av speleautomatar. Det er Noregs Ungdomslag glad for. Dei har støtta kampen mot speleautomatane, sjølv i tider då organisasjonen låg å vippa på randa av konkurs.

- NU bestemte seg alt på eit landsmøte for snart 10 år sidan for at organisasjonen ikkje ønskjer å drive automatdrift. Standpunktet var så klart, at då NU var nær konkurs rundt millenniumsskiftet og heile personalstaben var permittert, sa vi framleis nei til å drive slik drift.

Heilt enkelt fordi dette er skitne inntekter, seier leiar Gunhild Berge Stang i Noregs Ungdomslag til Nynorsk Pressekontor.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Tapar to mill. i året


NU var rett og slett villige til å gå konkurs, i staden for å ta imot spelemidlar. Dei kom seg ut av pengeknipa ved hjelp av lojale lokallag som stilte med lån, og noko auka støtte frå staten.

- Men auka statsstøtte, er det ikkje nettopp dette mange ideelle organisasjonar no ber om, som kompensasjon for tapte automatinntekter?

- Jo, men vi meiner dette er å krevje kompensasjon for stolne pengar. Det er ikkje dei spelarane som puttar på ein tier i ny og ne som står for speleinntektene til desse organisasjonane, det er dei speleavhengige, seier Berge Stang.

Ho fortel at organisasjonen har gått glipp av om lag to millionar kroner i året, sidan dei valde å seie nei til automatar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Må avgrense speleavhengigheit


NU-leiaren forstår at det kan vere vanskeleg å leve utan, når inntektene frå automatar er såpass innarbeidd i mange organisasjonar.

- Men dersom Redningsselskapet og dei andre no når fram over for Staten med sin argumentasjon om å få kompensert bortfallet av speleinntektene, vil dette bli heilt feil i høve til Noregs Ungdomslag og andre som sa nei alt i utgangspunktet og har kjempa mot speleautomatane heile tida, seier Gunhild Berge Stang.

- Frivillige organisasjonar må ikkje stå mot kvarandre i denne saka. Det er meir formålstenleg å slå seg saman, og heller kjempe for betre rammevilkår frå staten.

Det er ikkje lett å drive frivillig, men organisasjonane må søkje å motivere og mobilisere til å skaffe seg inntekter på andre måtar, slår Berge Stang fast.

Stortinget vedtok i 2003 at Norsk Tipping bør overta drifta av speleautomatar. Eksisterande automatdrift vil bli avvikla i løpet av året, slik at einerettsmodellen kan bli sett i verk i 2006, melder Kultur- og kyrkjedepartementet.

- Eg er glad for at lagmannsretten har sett den reelle grunnen bak lovvedtaket til Stortinget. Automatreforma er eit avgjerande sosialpolitisk tiltak for å avgrense speleavhengigheit.

Dagens automatar skapar meir speleavhengigheit enn noko anna lotteri eller pengespel i Noreg. Vi har no fått medhald i at dei private marknadskreftene ikkje skal styre utviklinga i pengespeltilbodet, sa kultur- og kyrkjeminister Valgjerd Svarstad Haugland etter dommen i Borgarting lagmannsrett. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk