Drama om gründerane av Norsk Hydro

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Birkeland & Eyde» er haustens storsatsing på Riksteatret. Det er skodespelarbrørne Gard og Eindride Eidsvold som skal gje kjøt og blod til grunnleggjarane av Norsk Hydro.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skodespelarbrøren Eindride (t.v.) og Gard B. Eidsvold spelar høvesvis Sam Eyde og Kristian Birkeland i dramatiseringa «Birkeland & Eyde» på Riksteatret. Skodespelarbrøren Eindride (t.v.) og Gard B. Eidsvold spelar høvesvis Sam Eyde og Kristian Birkeland i dramatiseringa «Birkeland & Eyde» på Riksteatret.

Arthur Johansen har skrive dramaet om dei to som etablerte den norske gigantbedrifta i 1905. Framsyninga har premiere på Notodden den 16. september og går turnerunden kring i heile landet, med siste framsyning på Fagernes den 12. desember.

Maktkamp


Birkeland og Eyde var svært ulike, og dramaet handlar om maktkamp og lidenskap. Instruktøren Fridtjov Såheim seier at han ønskjer å setja dei historiske hendingane inn i eit mellommenneskeleg lys, og sjå kva det var i den private sfære som kan ha påverka dei historiske hendingane.

Eindride Eidsvold spelar Sam Eyde - den utovervende og utolmodige gründeren med stort forretningstalent og stor evne til å sjarmere både kvinner og storfinans. Eindride Eidsvold seier at han ønskjer å skape eit heilt menneske, som også framstår med sine sære og svake sider.

Kristian Birkeland var den innovervende, men geniale vitskapsmannen, som hadde ei sterkt eksentrisk side. Birkeland var knytt til dopmisbruk og han var nevrotisk, men genial og kreativ, med ei oppfinnarevne som gjorde han verdskjend. Gard B. Eidsvold skal gjenskape eit bilete av Birkeland, som i dag pregar 200-kronersetlane våre.

Dei andre skodespelarane i dramaet omkring Birkeland og Eyde er Yngve Dahlberg, Line Verndal, Kajsa Linderholm, Lena Kristin Ellingsen, Stein Grønli og Bernhard Arnø. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk