Oslo sa nei til Einstein

Artikkelen fortsetter under annonsen

Med 3 mot 2 stemmer vedtok Kollegiet ved Universitetet i Kristiania i november 1920, å seie nei til framlegget om å tilby Albert Einstein ei stilling som professor i fysikk i Oslo.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette skjedde etter at Albert Einstein om sommaren hadde vore i Kristiania og halde forelesningar over relativitetsteorien sin, fortel avisa Uniforum.

Einstein var på dette tidspunktet superkjendis etter at britiske forskarar året før hadde stadfesta teorien hans. Dette var ein sensasjon som snudde opp-ned på verdsbiletet, og spesielt blant yngre forskarar og studentar var begeistringa stor.

Det var første gong Albert Einstein foreles om relativitetsteorien utanfor Tyskland, fortel universitetslektor Nils Voje Johansen i boka «Einstein i Norge».

Einstein hadde økonomiske problem denne tida, og opplevde i tillegg krasse angrep heime i Berlin, mykje av det hadde antisemittisk karakter.

I fysikk- og matematikkmiljøet i hovudstaden byrja dei difor å jobbe med å få Einstein til Universitetet i Kristiania. Eigen bustad og høgste professorløn, dvs. 20.000 kroner i året låg i botnen. Einstein var ikkje avvisande, men stadfesta ikkje at han ville kome.

Då saka vart behandla vart det som nemnt avslag, og dette var i første rekkje økonomisk grunngjeve. Fleirtalet meinte at slik pengebruk ville gå ut over annan forsking ved universitetet. Einsteins forsking var dessutan tilgjengeleg berre for ganske få, meinte dei. Kyrkje- og undervisningsdepartementet slutta seg til dette synet.

- Etter kvart vart den økonomiske situasjonen lettare for Einstein, og han var ettertrakta både i Europa og USA. Så sjølv om tilbodet om professorat hadde kome, er det vel ikkje truleg at han ville ha kome, avsluttar Voje Johansen. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk