Landbruk i revers på kunstutstilling

Kunstutstilling med motiv som ber tydeleg preg av forfall og nedgangstider for det nordnorske landbruket opnar på Norsk Landbruksmuseum den 28. august.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hus til nedfalls er blant motiva til grafikaren Bjørnar K. Meisler som opnar utstilling på Norsk Landbruksmuseum den 28. august.Hus til nedfalls er blant motiva til grafikaren Bjørnar K. Meisler som opnar utstilling på Norsk Landbruksmuseum den 28. august.

Det er Bjørnar K. Meisler frå Saltdal i Nordland som har henta motiv frå fylket i nord til grafikk i form av teikningar og etsingar. Motivvalet er traktorar, låvar og fjøs som nok har sett betre dagar, og ber tydeleg preg av ikkje å vera til nytte og i bruk lenger.

Teknikken og fargebruken hans er uvanleg, med tekstur, overlapping og skrift som gjev bileta hans eit ekstra poetisk og spennande uttrykk.

Meisler har hatt mange utstillingar i Nordland, men det er første gongen han viser bileta sine sør i landet. Utstillinga blir vist til 13. november.



Flaggermusnatt


Driftsbygning er tittelen på dette biletet av kunstnaren Bjørnar K. Meisler som stiller ut grafikk på Norsk Landbruksmuseum.Driftsbygning er tittelen på dette biletet av kunstnaren Bjørnar K. Meisler som stiller ut grafikk på Norsk Landbruksmuseum.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvelden før blir den europeiske flaggermusnatta markert på landbruksmuseet. Det er Martin Fleissner i flaggermusgruppa i Norsk Zoologisk foreining som inviterer og held foredrag med lysbilete i auditoriet på landbrukshøgskolen på Ås.

Deretter får folk med seg lyddetektor og lommelykt ut for å lokalisere flygande myser blant dei gamle bygningane på høgskulen, eller Universitet for miljø- og biovitenskap som det no heiter.

Fleissner opplyser at det er ikkje blodsugande artar av flaggermus i Noreg. Det er faktisk gunstig å ha desse pattedyra flygande kring huset om sommaren fordi dei et over 3000 mygg og knott på ei natt. (NPK)




Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk