- TV-seriar formar forståinga vår av fortida

Film og fjernsyn er i stor grad leverandørar av bileta og førestellingane våre om korleis fortida såg ut. Biletmediet har tatt over rolla som historieformidlar frå bøkene. Det er ikkje nødvendigvis no

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

- At biletmedium står for ein stor del av formidlinga av historia vår, er berre å konstatere. Medieutviklinga og utviklinga i samfunnet elles har stadfesta posisjonen til fjernsynet.

- Historiske TV-seriar er viktige enten dei er vellukka eller ikkje. Dei gjer det mogleg for ein stor del av befolkninga å diskutere fortida, meiner medieforskar Hege Gundersen.- Historiske TV-seriar er viktige enten dei er vellukka eller ikkje. Dei gjer det mogleg for ein stor del av befolkninga å diskutere fortida, meiner medieforskar Hege Gundersen.

Men dette blir først eit problem om vi ikkje jobbar med ei kritisk haldning til korleis forhistoria vår blir formidla i desse TV-seriane, seier medieforskar Hege Gundersen. Ho har skrive ei doktorgradsavhandling om temaet historiske TV-seriar ved Universitet i Oslo.

Historieforteljing inneber val


Gundersen meiner TV-seriar og filmar om historiske fenomen godt kan ha ein plass i undervisninga i skulen, både på grunntrinnet og på vidaregåande. Ei kritisk haldning er stikkorda.

- Det kjem heilt an på kva for måte seriane blir brukt. Både ungdom og vaksne må vere medvitne om at forteljingar om fortida alltid inneber val. Fleire versjonar kan vere riktige. Derfor kan det til dømes vere interessant å samanlikne fire forskjellige seriar om 2. verdskrigen, eller ulike framstillingar av husmora på 50-talet, meiner forskaren.

I doktorgradsavhandlinga, som er kalla «Historisk og fiktivt - en studie av TV-seriene Heimat, Matador og Vestavind», tek ho for seg tre TV-seriar spesielt: Norskproduserte «Vestavind» som gjekk på NRK for om lag ti år sidan, danske «Matador» og tyske «Heimat».


Vestavind mindre vellukka


Vestavind trakk mange sjåarar då serien gjekk på NRK for om lag ti år sidan. På biletet: Bjørn Skagestad og Hildegunn Riise. – Historiske TV-seriar forar oss med ein nasjonal identitet, gjer oss eit fortolkingsfellesskap og kan bidra til å styrke nasjonsbygginga, seier Hege Gundersen.Vestavind trakk mange sjåarar då serien gjekk på NRK for om lag ti år sidan. På biletet: Bjørn Skagestad og Hildegunn Riise. – Historiske TV-seriar forar oss med ein nasjonal identitet, gjer oss eit fortolkingsfellesskap og kan bidra til å styrke nasjonsbygginga, seier Hege Gundersen.

Sjølv om Vestavind hadde høge sjåartal då den gjekk, ser doktorgradskandidaten på den som mindre vellukka enn den danske og tyske serien. Ikkje fordi Vestavind framstilte historia feil, men fordi den vart for pedagogisk.

Serieskaparane, med manusforfattarar som Lars Saabye Christensen, klarte rett og slett ikkje å skape eit interessant nok univers som fiksjonsserie, meiner Gundersen.

Og akkurat der ligg eit interessant problem: TV-seriar skal enten seljast på ein marknad, eller nå ei bestemt målgruppe. Dei må vere spennande og interessante, samtidleg som dei skal gje eit samvitsfullt bilete av fortida. Det er ein vanskeleg balansegang.

- Mange sit med eit bilete av notida som kompleks og kaotisk, men tenkjer at før, då var alt meir oversiktleg og moralsk tydeleg. TV-seriar og film har ein tendens til å teikne konfliktar i svart-kvitt, med heltar og skurkar.

Eg er oppteken av at fortida også kunne vere kompleks, og at konfliktane ikkje nødvendigvis var enklare før i tida, fortel Gundersen.
Ho ønskjer seg ei utvikling i sjangeren historiske TV-seriar, færre klisjéar, meir kompleksitet.

- Det er noko som skurrar om Disney skal ta seg av historiefortolkinga til heile den vestlege verda, seier Hege Gundersen. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Personvernpolicy