Nasjonalbiblioteket opnar dørene

Det nye Nasjonalbiblioteket i Oslo opnar dørene for publikum 16. august.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Den gamle bibliotekbygningen på Drammensveien har vore stengt i fleire år, men no er bygningen totalrenovert og modernisert. I tillegg har biblioteket fått eit tilbygg med namnet «Halvbroren» etter ein roman av Lars Saabye Christensen.

Det er Entra som eig nybygget der Nasjonalbiblioteket har magasin over fire etasjar.

Det nyrenoverte Nasjonalbiblioteket har mange leigetakarar. Hit flyttar Musikkinformasjonssenteret og Ballade, Norsk Jazzarkiv, Norsk Visearkiv, Norla og Norsk barnebokinstitutt. I tilbygget Halvbroren skal mellom andre AMB-utvikling og Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek halde hus.

I den nye utstillingssalen opnar samtidig ei stor kunstutstilling med Marianne Heske frå Ålesund, som har tittelen «Illuminations». Heske jobbar mykje med digital kunst, og denne gongen har ho filma lyset i Tafjord, som ho stadig vender tilbake til. I tillegg til video og lysinstallasjonar, viser ho fargesterke arbeid som er trykt på handlaga papir. (NPK)



Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk



Personvernpolicy