- Språkleg apartheid og sensur

Artikkelen fortsetter under annonsen

Slik karakteriserer venstrepolitikaren Trine Skei Grande VG og Dagbladet sitt forbod mot nynorsk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

No har over 30.000 personar sett namnet sitt på Noregs Mållag sitt opprop for å oppheva det redaksjonelle forbodet mot nynorsk i dei store riksavisene.

- Vi har merka oss at begge avisene har skrive nynorsk på redaksjonell plass etter at kampanjen starta, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag.

Ved inngangen til valkampen er det brei politisk oppslutning om kampanjen. Trine Skei Grande frå Venstre, Eli Sollied Øverås frå Senterpartiet, Knut Arild Hareide frå Kristeleg Folkeparti, Reidar Sandal frå Arbeidarpartiet og Erna Solberg frå Høgre er samde om at dagens forbod mot nynorsk i VG og Dagbladet bør opphevast.

- Eg ser ingen grunn til at ein skal halda fram med dagens ordning, seier Trine Skei Grande. For meg er dette ein type språkleg apartheid. Det er sensur av folk sine ytringar, både i innhald og form.

Stortingsvisepresident Inge Lønning frå Høgre seier at prinsippet om at ein kvar skal ha rett til sjølv å velja målform bør innførast i alle samanhengar. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk