Målprat i valkampen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Steinulf Tungesvik hadde på måndag det han kallar ein lang og triveleg prat med Erna Solberg. Noko endring i det blå partiprogrammet kom ikkje på tale, men leiaren i Noregs Mållag vonar likevel på hje

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK):

Av Arne Olav L. Hageberg, NPK

Saman med Gro Morken Endresen og Hallgrim Berg fekk Tungesvik lufta frustrasjonar over det han karakteriserer som Høgre sine nynorskfiendtlege grep.

- Partiet har programfesta to åtgjerder som vi er svært ueinige i. Dei vil gjera den skriftlege sidemålsundervisinga i ungdomsskule og vidaregåande skule valfri. Dernest vil dei mjuka opp krava i mållova om at tilsette i offentleg sektor skal kunna nytta begge målformene.

Viktige saker

Om tonen var god, fekk ikkje mållaget rikka høgreleiaren når det kom til desse to punkta.

- Det står fast at Mållaget og Høgre er sterkt ueinige i målpolitikken, seier Tungesvik.

No freistar han å få hjelp frå Høgre i to viktige målsaker: stønad til eit nynorsk leksikon på Internett og utvikling av nynorske lærebøker til innvandrarar.

- I dag må ein flyktning i Indre Sogn læra bokmål, fordi det ikkje finst fullt utvikla nynorskopplegg for framandspråklege. Dette er sosialt hemmande. Både dette og nettleksikonet har fått varme ord i tidlegare budsjettforhandlingar - men ingen midlar. Om Høgre stør opp om sakene vert det fleirtal for dei på stortinget.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Positive signal

Delegasjonen frå Noregs Mållag tok opp sakene med Erna Solberg på måndag.

- Vi fekk positive tilbakemeldingar på forslaga, seier Tungesvik.

Han peikar vidare på at Høgre har vore med å vedta ei kulturmelding som lovar eit krafttak for reell likestilling mellom målformene. Målrørsla noterer seg dei positive signala, men etterlyser lovnader. Høgre sitt partiprogram inneheld ingen slike tiltak som kulturmeldinga talar om.

- Erna Solberg må i valkampen signalisera stønad til nynorsk nettleksikon og nynorske lærebøker. Dette må til for at vi skal kjenna at Høgre stør nynorsken, seier Tungesvik.