På dødsens alvor

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hjarte, sirkel, anker og bok. Symbola i dødsannonsane blir stadig fleire. - Men framleis uttrykkjer mange kjenslene sine gjennom meir eller mindre faste dikt, seier Gard Espeland.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mange sjekkar dødsannonsane aller først når dei opnar avisa. Gard Espeland har studert dikta i dødsannonsane i 20 år, og har ei samling på 500 dikt. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)Mange sjekkar dødsannonsane aller først når dei opnar avisa. Gard Espeland har studert dikta i dødsannonsane i 20 år, og har ei samling på 500 dikt. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)

(NPK):

Av Johanne Landsverk, NPK

Han har samla på dødsannonsar i mange år, og har nyleg skrive artikkelen «Dikt på dødsens alvor».

- Dødsannonsane er snart det einaste i ei avis som er hundre prosent alvor. For mange er dødsannonsane det aller første dei les når dei opnar avisa, medan andre ser ikkje på annonsane i det heile, seier han.

Nye ikkje-kristne symbol

For tjue år sidan hadde alle dødsannonsar kors. Men med mange nye landsmenn og andre religionar er det behov for fleire symbol. I dag blir det også brukt ein god del nøytrale symbol som fredsdue, anker, hjarte, blome og sirkel.

- I Sverige har dødsannonsane i dei siste 20-30 åra hatt ei heil rekkje symbol som seglbåtar, fly, golfspelarar, teikneseriefigurar og sportsfiskarar. Desse symbola skal seie noko viktig om den døde, og i grunnen er det underleg at ikkje denne praksisen har kome til Noreg. Men eg har sett nokre få døme på at slike symbol dukkar opp også her.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Aftenposten trykkjer frå tid til anna ein oversikt over dei symbola som er i bruk i dødsannonsane, og i dag inneheld lista 26 ulike symbol.


Uttrykkjer kjensler i dikt

I mange år har Espeland samla på dødsannonsar med dikt frå heile landet, men mest frå avisene Aftenposten, Gudbrandsdølen/Dagningen og avisa Tromsø.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg synest det er interessant at folk grip til diktet når dei skal uttrykkje sterke kjensler, og at dei vel tradisjonelle dikt med enderim og faste former. Men dei fleste vel dikt som finst i mange variantar. Dei er lette å tilpasse, og ein kan ta bort eller leggje til ei linje. Det er relativt sjeldan at dikt av kjende forfattarar vert brukt i dødsannonsar, og det er også sjeldan å sjå bibelsitat eller salmar i annonsane, fortel han.

Her er døme på tre ulike variantar av same dikt:

Tung var din skjebne

stille du led

Artikkelen fortsetter under annonsen

nu har du utstritt

hvil deg i fred.

Stille du led

tolmodig du stred,

nå har du hos Jesus

fått hvile i fred.

Stille du levde

stille du led

hvil deg i fred.


Ulike tradisjonar i landet

Espeland har samla over 500 dikt i dei siste 20 åra. Berre 14 prosent av dødsannonsane i Aftenposten hadde dikt, medan halvparten av annonsane både i Gudbrandsdølen/Dagningen og avisa Tromsø hadde dikt.

- Men ein kan tenkje seg ulike grunnar til forskjellane. For det første er det dyrare å annonsere i Aftenposten enn i lokalavisene. Ein annan mogleg grunn er at haldningane til å utlevere kjenslene sine gjennom dikt varierer i ulike delar av landet. Det kan også tenkjast at nokon ser på dette som ein folkeleg tradisjon som dei ikkje ønskjer å vere ein del av.- Kanskje nokon synest dikta er dårlege?

- Kanskje. Men det verkar i alle fall som om folk i alle samfunnslag bruker desse dikta.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Dødsannonsar i endring

Sjølv om tradisjonen med dødsannonsar er relativ fast, er det ei stor endring dei siste åra, og det er at dødsannonsane fortel om sjølvmord.

- I dag kan ein finne klare formuleringar som at den døde «valde å forlate oss». Tidlegare var dette tabu og oftast heilt skjult i dødsannonsen.

Espeland har også sett på storleiken til dødsannonsane. I Nord-Noreg er det vanleg med dødsannonsar over to spaltar, noko som er heilt uvanleg i Sør-Noreg. På dette området er tradisjonane ulike også i forskjellige land.

- For eksempel i Sveits og Tyskland kan ein sjå kjempestore dødsannonsar med berre to-tre annonsar på ei side, medan dei Skottland er knøttsmå med tettpakka skrift, fortel Espeland.

Artikkelen «Dikt på dødsens alvor» er trykt i artikkelsamlinga «Balladar & blue Hawaii» som nyleg kom ut på Novus forlag.

Liste over godkjende symbol i 2004. I dag er fleire symbol komne til, mellom anna ikkje-kristne symbol som anker (von) og hjarte (sorg). (Foto: , NPK)Liste over godkjende symbol i 2004. I dag er fleire symbol komne til, mellom anna ikkje-kristne symbol som anker (von) og hjarte (sorg). (Foto: , NPK)