Gudsteneste med dans og jakt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Biskopen i Roskilde tilrår kyrkjelydane å piffe opp gudstenestene med aktivitetar som jakt eller søndagsdans.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Fleire danskar ville gått i kyrkja søndag morgon om det også var knytt ekstra opplevingar til besøket, meiner biskop Jan Lindhardt i Roskilde. Han har nyleg sendt ut ei handbok til kyrkjelydane med 80 forslag til aktivitetar som kan lage meir futt i gudstenestene.


- Kyrkja burde ha det hyggeleg søndag morgon, og vi er nøydd til å gjere noko for at kyrkja skal ha fleire varer i hyllene, skriv Lindhardt. Han meiner talet på kyrkjegjengarar vil bli mykje større om ein kunne knyte dans, musikk eller jakt til gudstenesta.