Bombetrussel mot rennande kunst

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Det lokale vassverket har stengt ein kunstinstallasjon i London. I over ein månad let kunstnaren Mark McCowan vatnet renne frå ei kran over vasken i kunstgalleriet House.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Verket «The Running Tap» var ein protest mot vestens store forbruk av reint drikkevatn. Men på grunn av tørken i Sør-England vart det sterke reaksjonar mot den rennande installasjonen. Galleriet har også fått bombetruslar.

Planen var at installasjonen skulle stå og renne i eit år, men no har vassverket gripe inn og stengt av krana, skriv avisa Jyllandsposten.

(NPK)