Prøysenfestivalen blir større

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Prøysenfestivalen - Blåklokkevikua 2005» er blitt ein stor konsertfestival.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I år vil Ringsaker vere vertskap for heile 60 ulike arrangement i løpet av Blåklokkevikua 16.-23.juli.

Alf Cranner skal halde opningskonserten under Prøysenfestivalen, og den nye festivalsjefen Elisabeth Vatn kan fortelje at det kjem mange store artistar til festivalen i år.

- Vi har lagt opp til ein mykje større konsertprofil enn tidlegare år, med konsertar av mellom andre Åge Aleksandersen, De Lillos, Ane Brun, Niko Valkeapää og Lumsk, seier Elisabeth Vatn.

Ho er sjølv musikar, og er oppteken av å sleppe til mange ulike artistar når Prøysen skal heidrast.


Prøysenprogram og barneteater


- Alf Prøysens namn er ikkje minst knytt til barnekultur, og vi ønskjer at Prøysenfestivalen også skal vere ein arena der barne- og ungdomskulturen blir teken på alvor. Difor blir det teaterframsyningar for og med barn, mellom anna førestellinga «Opp og ned i bakvendtland» med Bærum Barneteater, seier Vatn.

Prøysen sjølv vil sjølvsagt stå i sentrum og skal heidrast på ulike vis. Både Lars Lillo-Stenberg og Jørn Simen Øverli skal ha eigne viseprogram med Prøysen-viser i Teskjekjerringteatret.

Og tradisjonen tru blir det også i år arrangert Jordbærfestival og pilegrimsvandring langs Præstvegen. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk