Meny

Norsk på topp

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Norske artistar toppar VG-lista.

VG-lista topp 40 har denne veka norske artistar på dei fire øvste plassane. Av desse syng tre på norsk. Det likar Norsk Målungdom.

- Dette er ei gledeleg utvikling. Fleire teikn i tida tyder på at det er meir akseptert å syngja på norsk. NRK P1 melde for ei tid sidan at dei for fyrste gong hadde berre norske artistar på A-lista.


Det er viktig for framtida til norsk språk at det kan nyttast i alle samanhengar. Bruk av norsk mål i musikken utviklar språket, seier Sigbjørn Hjelmbrekke, leiar i Norsk Målungdom.

Altfor lenge har mange hatt fjollete oppfatningar om at norsk ikkje passar i populærmusikken. Slike oppfatningar er heldigvis grundig knuste dette året, meiner målungdommen. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk



Takk for at du abonnerer

Motta våre nyheter via Messenger

Jeg godtar brukvervilkårene
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus