Aldersgrense på Roskildefestivalen?
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Festivalen er meint for vaksne, og barn på 13-15 år skal ikkje vera ein del av det - i alle fall ikkje utan foreldra sine, seier talsmannen for festivalen, Esben Danielsen, til Jyllands-Posten.
Sosialarbeidaren Tine Ros har vore på festivalen, og seier at ein ikkje har oversyn over kor mange barn det handlar om, men ein del er det og mange rusar seg.
- Roskildefestivalen er ein svært dårleg stad å debutere, enten det gjeld sex eller alkohol, seier Ros. (NPK)