Internasjonale rytmar i Førde

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kor mykje kan ein oppfatte av tonefall, rytme og stemmeleie i eit språk du ikkje forstår? Interessa for språk og musikk på tvers av kulturar er utgangspunktet for konserten «Le rythme de la Parole» un

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er den iranske musikaren Keyvan Chemirani som har ideen til konserten. I Førde vil verdas store stemmer møte kvarandre på scena.

Unni Løvlid frå Hornindal vil møte indiske Sudha Ragunathan, maliske Nahawa Doumbia og iranske Ali Reza Ghorbani.

Teater og semifinale i folkemusikk

Nahawa Doumbia frå Mali vil synge saman med Unni Løvlid frå Hornindal på Førde Internasjonale folkemusikkfestival.Nahawa Doumbia frå Mali vil synge saman med Unni Løvlid frå Hornindal på Førde Internasjonale folkemusikkfestival.

Festivalen i Førde kan freiste med konsertar av internasjonale og norske artistar tre heile dagar til ende. I tillegg blir det premiere på teaterframsyninga «100 år og like stri!» av Hans Sande.

Eit norsk høgdepunkt blir også konkurransen mellom dei to folkemusikarane Synnøve Bjørset frå Jølster og Gjermund Larsen frå Verdal. Dei to felespelarane møter kvarandre i semifinalen i INTRO-folk.

Det er ein konkurranse mellom unge norske folkemusikkutøvarar, der vinnaren går vidare til finalen og kåringa av «Årets folkemusikar 2005». (NPK)

Les meir om festivalen:

Førde internasjonale folkemusikkfestival


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk