Sølvpilen er tilbake

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sølvpilen-entusiastar har mykje å glede seg over i sommar. No er det duka for et gledeleg gjensyn med kiowahøvdingen og vennene hans. Ei spesialutgåve av Sølvpilen er på plass i bladhyllene.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi har vore nede i kjellaren og plukka litt, og funne eitt par historier som vi meiner det er på tide å trekkje fram i lyset igjen, fortel Anne Marie Røren, som er produktansvarleg for bladet til Dagbladet.no.

(Foto: Tegneserier.no)(Foto: Tegneserier.no)

Spesialbladet er ei sommarutgåve, som skal bli selt i seks veker. I tillegg jobbar Allersforlaget med eit album nummer to, som er planlagt utgjeve som julehefte. Seriane er fargelagt på nytt, og bladet inneheld ein god del redaksjonelt indianarstoff.

- Så får vi sjå om Sølvpilen rir like stødig, og framleis har fotfeste hos det norske teikneseriepublikummet. Eg er sikker på at bladet blir ei hyggjeleg oppleving for mange, både moderne og nostalgisk på same tid, fortel redaktør, Berit Veiset, til Tegneserier.no

Sølvpilen-serien vart skapt av belgiske Frank Sels i 1965, og slo godt an både i Tyskland og i Skandinavia. Serien fekk sitt eiga hefte på norsk i 1971. På 70- og 80-talet var teikneserien ein formidabel suksess, med eit sal like under populære Donald Duck og Co. Men i 1991 vart det brått slutt for serien, etter lang tid med nedgang i salet. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk