Kjartan Fløgstad er årets nynorskbrukar

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Styret i Norsk kultursentrum gav onsdag kveld forfattaren Kjartan Fløgstad prisen Årets nynorskbrukar 2005. Utdelinga fann stad under opningshøgtida for Dei Nynorske Festspela i Ivar Aasen-tune

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Fløgstad fekk prisen for framifrå og verdfull dokumentasjon av viktige trekk i norsk kulturhistorie og for at han med pamfletten «Brennbart» dreiv fram ein av dei viktigaste og mest avklarande språkpolitiske debattane i seinare tid.

Prisutdelarane skriv i grunngjevinga at Fløgstad er ein av dei som gjer slikt ein ikkje utan vidare kunne vente at dei skulle, eller som gjer noko andre burde ha gjort, og som til og med gjer det med trøkk og med kvalitet.

Når solid dokumentasjon blir kopla med skarp litterær eleganse, og emnet er ei sak som gjeld mange, er det faktisk enno mogleg å utløyse ein debatt som opnar for nye innsikter og fleire nyansar enn «ja» og «nei».

Prisen var på 25.000 kroner og eit grafisk trykk av Arne Nøst. (NPK)