Skulesekk full av bokmålsbøker

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ottar Grepstad skuldar statlege millionsummar nytta på store lesekampanjar og Den kulturelle skulesekken for å ha forverra situasjonen for nynorsken.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK):- Nynorskelevar i skulen møter endå meir bokmål enn dei gjorde før. Vi treng ikkje mange forskingsprosjekt for å forstå at ingen nynorskelev blir betre i nynorsk av dette, seier Ottar Grepstad.

- Still språkpolitiske krav til dei både lesekampanjar og skulesekk, gi lærarane gode etterutdanningstilbod, og gi grønt lys for Nynorsk digitalt leksikon, er råda frå direktøren ved Nynorsk kultursentrum.

Samstundes avdramatiserer han situasjonen noko ved å peike på at den dårlege lesekunna gjeld yngre nynorskelevar.

- Fagmiljøa har sagt at seinare i oppveksten jamnar det seg ut.