Dei unge går mest på kino

Artikkelen fortsetter under annonsen

Elevar og studentar, personar i yrke som krev akademisk eller annan fagleg utdanning er ivrigare kinogjengarar enn andre grupper.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): 68 prosent av befolkninga hadde i 2004 vore på ein eller fleire kinoframsyningar. Blant personar i alderen 9-24 år hadde minst 90 prosent vore på kino. Til samanlikning var berre 26 prosent av 67-79-åringane på kino.


Elevar og studentar, personar i yrke som krev akademisk eller annan fagleg utdanning er ivrigare kinogjengarar enn andre grupper. God økonomi og høg utdanning heng også saman med kinobesøk. Det er mest kinobesøk i storbyane og minst i spreidtbygde strok av landet.
Det er helst krim- og actionfilmar, komediar, barne- og familiefilmar og sosialdrama som folk ser på kino. Det går fram av Norsk kulturbarometer 2004. (NPK)