Litt.klikk: «Knutar»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne veka avslører Gunnhild Øyehaug draumen om å ha Bill Murray og Uma Turman i filmatiseringa av si novellesamling!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Namn:


Gunnhild Øyehaug

Alder:

30 år

Sivilstatus:

Sambuar

Kvar var du då du skreiv boka?

- I Ørsta og i Bergen.

Kven tenkte du på då du skreiv boka?
-

Som utgangspunkt for personane i boka? Då må eg svare: mange ulike personar. Samt meg sjølv. I karikerte former. Samt svært mange personar som ikkje eksisterer, som eg dikter opp.

Kva sort PC skreiv du boka på?
-

Eg veit ikkje heilt kva slags type det er, det er ein kvit ein som har levd som PC i den vidaregåande skulen før den kom i mi eige. No er den derimot skifta ut med ein ny ein.

Korleis valde du boka sin tittel?

- Eg snakka med far min om kva eg hadde tenkt rundt
«Knute»- prosjektet, og då sa han: «Kvifor ikkje berre kalle boka «Knutar»? og det syns eg var ein strålande idé: tittelen summerte i grunnen opp alt saman på ein uhyre enkel måte.


Kva er ditt favorittord?


- Eg har ikkje noko favorittord? Men eg likar godt ordet «firveld», og ordet «løk».


Kva bok har du aldri klart å fullføre?

- Å lese: Ei bok av Nadine Gordimer som eg ikkje hugsar tittelen på. Å skrive: den store fantastiske boka som på mange måtar kan minne om ei blanding av «To the lighthouse» og «Adaption» OG lysshowet til Sasja Haven på Ralph Myerz. Men eg lovar. Ho ER på veg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Kva bok skulle du ønskje du hadde skrive?

- «To the lighthouse, av Virginia Woolf!»

Kva bok ville du tatt med deg om bokhylla brann?

- «The Pill Versus the Springhill Mine Disaster» og «Rommel Drives On Deep Into Egypt» av Richard Brautigan, -eg ville leite og leite mellom flammane til eg fann begge to, og så ville eg springe og hente sløkkingsapparatet.

Kva CD passer best som soundtrack til boka?

- Det finst ein song på Tom Waits «Frank's Wild Years» som ville passe bra, kanskje kunne ei blanding av CD'en «Closing Time» og Björks «Homogenic» vere eit ypparleg soundtrack.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Oppsummer boka i en setning.

- Ulike personar viklar seg inn og ut av kvarandre, og av ulike situasjonar, og skaper til saman ei makelaus kanonbok som ingen, nei, ingen, har lyst til å gå glipp av.

Kva for ein skodespelar egner seg best til å spele hovudpersonen i boka?

- I og med at her er fleire tekstar og fleire hovudpersonar, ville det vere vanskeleg å finne ein person som kunne spele både lita jente, gammal mann, Mona Lisa, Maurice Blanchot, og bestemor. Kanskje Bill Murray kunne spele alle rollene? Det hadde eg likt!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kven skulle du ønskje hadde di bok på nattbordet?

- Bill Murray. Han skulle bli så glad i den at han skulle ringe til ein agent, som skulle ringe til ein regissør og ein produsent, og så skulle det bli ein film der BM spelte alle rollene. Med moglegvis ein gjesteopptreden av Uma Thurman (med sverd).

Om boka:


«Knutar» er ei samling korte noveller om mentale, seksuelle, familiære band, om kjærleik, om innvikla, naudsynte og uunngåelege situasjonar.

Vi møter til dømes ein mann som er knytta til mor si gjennom ein ubryteleg navlestreng, ei ung kvinne som er hemmeleg forelska i sin dødssjuke ven og en misnøgd hjort.

Novellene balanserar mellom det sanselige og det surrealistiske, mellom psykologisk innsikt og komisk dybde.

Novellesamlinga vart utgjeven i 2004 og Gunnhild Øyehaug vart nominert til Brageprisen 2004 for akkurat denne samlinga.


Forfatteren:


Gunnhild Øyehaug (f. 1975) debuterte i 1998 med diktsamlinga «Slaven av blåbæret», utgitt på Samlaget. Ho er medredaktør av litteraturtidsskriftet «Vagant», kritiker i «Morgenbladet» og bosatt i Bergen.

Kilde: Cappelen.no

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk