Vann William Nygaards legat

Artikkelen fortsetter under annonsen

William Nygaards legat for 2005 vart i går delt ut til Brit Boye Pedersen og Per Inge Pedersen, for læreverket «Abakus».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Aschehoug Undervisning bad i går inn til fest og festdeltakarane var skulestyresmaktene, lærebokforfattarar, forlagsbokhandlarar og elles andre innan skuleverket i Noreg.

I samband med festen var det utdeling av William Nygaards legat for 2005.

To nøgde vinnarar.To nøgde vinnarar.


Prisen på 60.000 kroner vart delt ut til Brit Boye Pedersen og Per Inge Pedersen under hagefesten i Aschehougs ærverdige villa i Drammensveien 99.

Ugla er både Aschehoug forlag sitt symbol, samt eit symbol på klokskap.Ugla er både Aschehoug forlag sitt symbol, samt eit symbol på klokskap.

Til dagleg er dei to prisvinnarane høvesvis assisterande rektor ved Lilleaker skole i Oslo og lærar i matematikk og natur- og miljøfag ved Sula skole.

- Dei to forfattarane er ikkje gifte med kvarandre sjølv om dei ber same etternamn, vart det understrekea før prisutdelinga starta.

Samarbeidet vart til då forlaget førte dei saman, noko som igjen førte til suksess.

Verket vart nemleg på kort tid ein bestselgar, etter lanseringa for to år sidan. «Abakus» har selt heile 450.000 bøker og er det læreverket på marknaden som sel mest.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Hageporten i Drammensveien 99 var atter ein gong open for fest.Hageporten i Drammensveien 99 var atter ein gong open for fest.

Grunninga for at «Abakus» vann i år, er at verket knyt matta til elevens kvardag og at bøkene søkjer å utvikle matematiske tankar gjennom samtalar og diskusjon.

Responsen har vore eineståande positiv og tilbakemeldingar tyder på at «Abakus» er forut for si tid.

Det var mange som møtte opp til prisutdelinga.Det var mange som møtte opp til prisutdelinga.

Alle foto: Karoline Riise Kristiansen.




Legatet:


William Nygaards legat vart oppretta i 1972 i samband med Aschehougs hundreårsjubileum og delast ut til skulebokforfattarar.


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk