Nordstoga i ny drakt

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Nei, det er ikkje Elvis. Det er Odd Nordstoga i sitt splitter nye kostyme til «Tryllefløyta», der han syng rolla som Fuglefanten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei som kjenner Mozart sitt store verk «Tryllefløyta» frå før, kan bli overraska når den nye oppsetjinga av songspelet har premiere i oktober. Det er nemleg ingen klassisk opera som serverast, men ein folkeopera: ein fusjon mellom opera og røff folkemusikk.

Brødrene Nordstoga skal turnere saman i over ti månader, med over 40 framsyningar i både Noreg og Sverige.Brødrene Nordstoga skal turnere saman i over ti månader, med over 40 framsyningar i både Noreg og Sverige.

Oppskrifta er som følgjer: Ta ein dash Mozart i ei gryte. Ha i Odd Nordstoga og broren hans, Aasmund. Spe på med dei fremste folkemusikarane vi har her i landet, og server.

Plata må vente


«Tryllefløyta - ein folkeopera» har premiere i oktober og blir så sett opp over 40 gangar rundt i Noreg og Sverige, før turneen avsluttast neste sommar. Dei som ventar på ny plate frå folkefavoritten Odd Nordstoga, må smørje seg med tolmod. I alle fall ei stund. Det blir travelt å skulle spele inn plata, samtidig med «Tryllefløyta»-turné.

- Eg har planar om ei plate i løpet av neste år, røper artisten ovafor Nynorsk Pressekontor.
Så turneringa med folkeoperaen tek ikkje all tida di?
Eg håper ikkje det. Eg kan jo ikkje springe rundt i fuglekostyme heile året, gliser Nordstoga, som verkar tydeleg ukomfortabel med all merksemda han får når førestellinga presenterast for eit samla pressekorps.

Han påpeiker at han berre er ein liten del av framsyninga, som involverer ei rekkje andre dyktige musikarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Farga av skandinaviske eventyr


Prins Sveinung, Solsira, Fuglefanten, Månefrua og Ung Silja.Prins Sveinung, Solsira, Fuglefanten, Månefrua og Ung Silja.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Mozart sitt verk «Tryllefløyta» var den første operaen basert på folkelege uttrykk. Filosofien bak produksjonen er kva som kunne skjedd dersom Tryllefløyta hadde vandra opp gjennom Nord-Europa og opp til Noreg og Sverige, slik folkeeventyra gjorde ein gong.

På turen gjennom Europa har det naturlegvis skjedd ein del med stykket. Karakterane har fått nye namn, og det har blitt farga av folkekulturen, særleg den skandinaviske eventyrtradisjonen, fortel svenske Leir Stinnerbom, som har regissert stykket.

«Tryllefløyta - ein folkeopera» er Rikskonsertene sitt største prosjekt nokosinne, og er blitt til i samarbeid med svenske Riksteatern og Västenå Teater i Värmland. Forutan Noreg 2005 er stykket støtta av mellom anna Svenska Institutet og svenske Statens Kulturråd.

For dei utolmodige arrangerast det ein kveldskonsert den 13. august på Voksenåsen i Oslo, der åtte av utøvarane framførar smakebitar frå folkeoperaen. Dei tre første ordinære framsyningane i Oslo i oktober er nesten utseld allereie, melder arrangøren. (NPK)

Artikkelen er skreven av Anders Malm, Nynorsk pressekontor.

Odd Nordstoga tek ei lita pause frå solokarriera, og legg ut på turné med Tryllefløyta - ein folkeopera.Odd Nordstoga tek ei lita pause frå solokarriera, og legg ut på turné med Tryllefløyta - ein folkeopera.




Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk