Meny

Nynorsk-golf

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Er du ein kløppar både i nynorsk og i golf? I så fall kan du slenge deg med i ein konkurranse der det gjeld å omsetje typiske golf-ord til nynorsk.

Golfen har gjeve oss ord som «birdie», «bogey», «drive», «fairway» og «foursome».

Om kort tid vil nynorsk-golfarar kanskje nytta heilt annan terminologi og andre slagord når ballen treff holet.

Nynorsk kultursentrum og Volda golfklubb har utlyst ein konkurranse om å lage gode golford og ditto forklaringar på nynorsk. Ein eigen jury skal plukke ut dei beste orda og setja saman ei komplett nynorsk golf-ordliste. Juryen består av Ottar Grepstad (Nynorsk kultursentrum), Ålov Runde (Norsk ordbok), Halvor Kleppen og Jostein Digernes (Volda golfklubb).

Dei tre beste forslaga til ord og forklaringar blir premierte. Vinnarane blir offentleggjort i samband med Dei Nynorske Festspela.

Fristen for innsending av ord er 22. juni. Skjema for ordforslag finn du på Aasentunet.

NRKs radioprogram «Kulturbeitet» er også involvert. Det kan du lese meir om her.

Aasentunet


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus