Løgna som redda Rachana frå å bli barnebrud

Rachana Sunar (22) er lykkeleg ugift og no ser \og foreldra hennar at ho kan vere ein ressurs i seg sjølv.
Rachana Sunar (22) er lykkeleg ugift og no ser \og foreldra hennar at ho kan vere ein ressurs i seg sjølv.

Som 15-åring unngjekk ho å bli gifta bort ved å lyga for foreldra. I dag jobbar Rachana Sunar på eit dialogsenter for barnebruder.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Skuleflinke Rachana Sunar er eldst i søskenflokken. Ein dag 15-åringen kjem heim frå skulen er det munter prat i stova. Foreldra har gjester. Dei smilar og peikar på Rachana. Ungjenta vert nyfiken. Kva er det dei snakkar om?

– Til slutt forstår eg at dei planlegg å gifte meg bort. Eg skjønar ikkje korleis dei kan bestemme det utan meg. Eg skjønar ikkje korleis dei kan bestemme bryllaupsdatoen min utan at eg er med, fortel Rachana med store auge.

Les også: Musikkvideo redda Sonita frå tvangsekteskap

«Love-marriage»

Framtida.no møter den no 22 år gamle jenta i lokala til Plan Norge i Oslo. Sidan august i fjor har ho vore på utveksling i Kristiansand, der ho jobbar i barnehage.

Det er kvinnedagen og Rachana er stolt over å ha fått lov å bruka si stemme under eit frukostmøte i Litteraturhuset i Oslo. Dei frammøtte fekk sjå 22-åringen vise fram smykke, som gifte jenter må gå med.

Nepal er blant dei landa i verda med høgast tal på barnebruder. 41 prosent av jentene er gifte før dei fyller 18, som er den lovlege aldersgrensa for å gifte seg med foreldra sitt samtykkje. Aldersgrensa for det ho kallar «love-marriage», der guten og jenta finn kvarandre, er 20 år.

Men sjølv om barnebryllaup er ulovleg og kan straffast med fengsel i inntil tre år og bøter på opptil 10.000 rupi (omlag 800 NOK), vert sakene sjeldan rapportert og straffeforfølgt.

Les også: Arrangert ekteskap er ofte som nettdating

– Eg, som er 22 år, er altfor gamal

Tradisjonane står sterkare enn rettsvesenet i Nepal.

Bestemora mi vart gift då ho var ti år gamal. Ho seier at ho framleis lever og er lykkeleg, og kan ikkje forstå kva som er det store problemet. Når du er gift, treng du ikkje jobbe og streve. Det vert sett på som ei stor greie. I Nepal meiner ein at den riktige alderen for å gifte seg er når du er 16 år – og framleis vakker. Når du er over 20 vil ingen gutar ha deg. Eg, som er 22 år, er altfor gamal, men eg angrar ikkje. Eg er lykkeleg, ler Rachana.

Når ein nepalsk familie kjem til ein annan for å be om deira dotter, vil dei som regel aldri seie nei. Det handlar om å oppretthalde gode relasjonar til samfunnet.

Difor såg det ut til at Rachana skulle verte gifta bort til ein eldre mann av høgare kaste.

Racahana er fortvila og vurderer å rømma heimefrå. Men ho fryktar straffa frå faren.

Så får ho ein idé.

Les også: Vil stogge barneekteskap

Rachana er uroa for livskvaliteten og den mentale helsa til dei unge jentene, som vert gifta bort.
Rachana er uroa for livskvaliteten og den mentale helsa til dei unge jentene, som vert gifta bort.

Stipend og løn

Rachana, som på denne tida går i tiandeklasse, har fått stipend dei tre siste åra. Ho fortel foreldra at ho har skrive under på at ho ikkje skal gifte seg før skulegongen er ferdig. Dersom ho bryt kontrakten, må dei betale tilbake heile stipendet. Det er ikkje sant.

Foreldra hennar går til den andre familien og fortel om dilemmaet. Dei vert einige om å vente til Rachana er ferdig med skulegongen.

I mellomtida fullfører Rachana skulen og får ein deltidsjobb som lærar for vaksne analfabetar.

Den første løna på 3500 rupi (omlag 300 NOK) gir ho rett til foreldra, som i likheit med Rachana vert veldig stolte.

– Folk fortalde foreldra mine at eg var venleg og genuin. Dei innsåg at eg kunne gjera noko. No får eg mange kompliment for å vere ei god dotter, som hjelper familien min, smilar Rachana.

Les også: Gutar og menn flyktar også frå tvangsekteskap

Søner > døtrer

Rachana Sunar har laga dette biletet til Plan Norge.
Rachana Sunar har laga dette biletet til Plan Norge.

I Nepal er søner meir verdsett enn døtrer. Det var difor ikkje særleg populært at mor til Rachana fekk fem døtrer, før dei fekk to søner.

– Søner er meir verdifulle fordi dei blir med familien og hjelper foreldra når dei vert gamle. Medan døtrer vert gifta bort, endrar sin identitet og vert nokon andre sin eigedom, forklarar ho.

Alle pengane Rachana tener går til familien. Ho vil gjere foreldra nøgde og sikra framtida for søskena sine.

Rachana er den første i området sitt, som har fullført vidaregåande og ser at fleire følgjer etter.

– Folk ser at om dei investerer i utdanning, så får dei igjen for det, smilar Rachana, som har lært seg god engelsk gjennom å være nepali-lærar for amerikanske frivillige.

Ho har til vanleg tre jobbar, to betalte og ein frivillig – som til saman varar frå sju om morgonen til sju om kvelden.

Les også: Barn, hustru og mor

Sambad = dialog

I 2013 starta Rachana Sambad-senteret med støtte frå Kirdac Nepal og Strømme-stiftelsen.

Kvar veke kjem unge gifte mødrer for å snakka om viktige tema som kvinners rettar, barneekteskap, menneskehandel og kvifor det er så viktig at dei bruker stemma si.

Sambadbetyr dialog – eit verkemiddel Rachana har stor tru på. Dei jobbar både med at dei unge mødrene skal verte meir sjølvstendige, få høve til å fullføra skulegangen og læra seg ferdigheiter, som kan gje dei inntektsbringande arbeid.

– Du kan ikkje skilje desse jentene etter at dei har fått to born. Då vil dei få det enno verre. Dei missar respekt frå samfunnet, familien og vener. Det ein kan gjere er å myndiggjere dei.

Ho viser bilete av Sambad-jentene Manju, Sunita og Sushila. Alle var mellom 14 og 16 år då dei vart gifta bort. Dei har alle eitt eller to born. Manju er like gamal som Rachana, men har eit heilt anna liv. Sunita er deprimert og inneslutta. Rachana har bite seg merke i ein ting Sushila fortalde at ho lurte på: «Er eg ei kvinne? Eller er eg eit barn? Er eg ei dotter? Eller er eg ei mor?»

Dei jobbar òg med borna og mødrene til dei unge jentene, slik at tradisjonen med barneekteskap forhåpentlegvis vil forsvinne i neste generasjon.

Dei har òg fått til å stoppe fire barnebryllaup, ved å rapportere dei til myndigheitene.

Nepal har dei siste åra auka innsatsen mot praksisen og jobbar i desse dagar med ein nasjonal strategi, saman med UNICEF.

Men fattigdom og sosial ustabilitet etter det kraftige jordskjelvet i fjor skapar utfordringar.

Les også: Mount Everest flytta på seg

Økonomisk avhengige

Rachana kjem frå ein fattig familie av ein lågare kaste. Fattigdom er både årsak til og konsekvens av barnebryllaup i Nepal, ifølgje Girls Not Brides.

Jenter frå rike familiar gifter seg i snitt to år seinare enn dei frå fattigare familiar. Over 90 prosent av jenter frå familiar som har nok mat, gifter seg etter dei har fylt 19 år.

Rachana peikar på at ein trur kvinner er utrygge og utsette i det offentlege rom, men at faktum er at mange ikkje er trygge heime.

Vald i heimen er eit vanleg problem i Nepal. Naboar veit gjerne om det, men lukkar augo for det som gjerne vert sett på som ei familiesak.

I Nepal er sjølvmord den vanlegaste dødsårsaka blant jenter og kvinner i fruktbar alder.

– Våre jenter mistar verdigheita si og lever i vonde forhold. Om du ikkje er økonomisk uavhengig og får alt frå ein annan person, så let du han gjere kva han vil med deg. Jenter har ikkje skulegang, ferdigheiter eller jobbar. Dei jobbar mykje, gjerne frå 4 om morgonen til 12 om kvelden, men det er uløna. Dei lever som levande lik. Kroppen er daud, dei er har ingen kjensler og ikkje noko stemme. Du ser antrekket og familienamnet, men jenta har mista sitt namn og sin identitet.

Les også: Erna Solberg: – Utan jenter, vert ikkje verda betre

Rachana og Plan Norge jobbar mot same mål i ulike land.
Rachana og Plan Norge jobbar mot same mål i ulike land.

40.000 barnebruder dagleg

Barneekteskap er eit stort problem på verdsbasis. Dagleg vert nesten 40.000 jenter under 18 år gifta bort.

– Me skuldar desse jentene å ta dette på alvor. Det å bli gifta bort når du er så ung – nokon heilt ned i femårsalderen – lagar nokre rammer rundt livet ditt, som held deg nede. Du får ikkje gå på skulen, andre bestemmer over deg, du får ikkje utvikla deg og du får ikkje ta del i samfunnslivet.

Det seier generalsekretær i Plan Norge, Kjell Erik Øie.

Han peikar vidare på at barnebruder gjerne vert mødrer for tidleg, med dei helsefarane det medfører.

– Så er det jo eit gedigent overgrep. Vaksne ligger med barn. Det kallar me eit overgrep til vanleg og det skal me òg kalla eit overgrep her.

Norske barnebruder

I 2014 lukkast Plan Norge med å gjera barnebryllaup relevant for norske forhold med den prisløna kampanjen om 12 år gamle Thea, som blogga om bryllaupet med 37 år gamle Geir.

Med flyktningstraumen har denne problemstillinga vorte enno nærare. I februar kunne NRK fortelje at minst 61 mindreårige kom til Noreg i 2015. Minst ti av desse var under 16 år og den yngste var heilt nede i 11 år.

Rachana meiner det mest rette i denne situasjonen er å la dei ta ein «ekteskapspause», der dei framleis er gift på papiret, men lever og utviklar seg kvar på sin kant.

Øie på si side, er klar på at ein ikkje skal behandla ungar som kjem til Noreg, noko annleis enn dei som er fødd og oppvaksne i Noreg.

– Om ein norsk 15-åring levde saman med ein vaksen mann ville me gripa inn med det same. Det skal me òg gjere med desse familiane og jentene. Me har teke på oss eit ansvar når dei kjem hit, og då må me visa oss det ansvaret verdig. Me kan ikkje ha eitt sett reglar for jenter som kjem frå Syria og eitt sett reglar for jenter som er fødd i Noreg, slår Øie fast.

Les også: Stakk ut augo med gaffel for å unngå tvangsekteskap

Sjå kampanje-filmen frå Plan Norge, som er sett over 8,6 millionar gongar:

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
16:40 Ringen på fjerdeplass i kontinentalcupen i Ruka16:22 Håvard Nielsen scoret i Greuther Furths storseier16:15 Mann alvorlig skadd i påkjørsel i Skien16:04 Liverpool slapp med skrekken – Klopp feiret ny kontrakt med seier over Watford15:59 Feilfri Thingnes Bø smadret konkurrentene på jaktstarten i Hochfilzen15:56 Klæbo spurtet til seier i Davos – første pallplass for Taugbøl15:55 Falla slått av 20 år gamle svenske Svanh på sprinten: – Var sikker på at det var Stina15:49 Lundby skuffet og ble nummer fem da Hölzl vant i Klingenthal15:12 Mange pågrepet under protester mot valget i Algerie15:07 Mann knivstukket på Jessheim – mistenkt pågrepet14:58 Person fløyet til sykehus etter arbeidsulykke i Nordland14:57 Nasjonal rassikringsgruppe frykter pris trumfer sikkerhet i veiutbygging14:52 Syrstad Engen-mål for Wolfsburg i storseier14:51 Langrenn: 14 nordmenn foran beste utlending i skandinavisk cup i Vuokatti14:35 Norsk pilot tiltalt for menneskehandel og grov voldtekt14:25 Trond Alstad gir seg i RBK14:11 Polens opposisjon har valgt presidentkandidat13:43 Klimaforhandlingene fortsetter på overtid13:18 Tusenvis demonstrerer i Bangkok13:11 Forrykende Olsbu Røiseland-avslutning sikret norsk stafettseier: – Ingen klarer å holde følge13:09 NAF: – Uforståelig at et stort ras kan skje ved en nybygget hovedvei13:03 Skøyter: Lorentzen med nok en skuffende plassering12:51 Dale: – Jeg priser meg lykkelig over at ingen er omkommet eller skadd etter raset på E1812:49 Sudans tidligere diktator dømt husarrest12:37 Flere norske profiler røk ut i sprintprologen i Davos12:11 Slalåmen i Val d'Isère avlyst, nytt forsøk søndag12:07 Hodeidas innbyggere lever fortsatt i frykt12:06 Funn av kirke kaster nytt lys på når kristendommen kom til Afrika12:01 Lie med bestenotering i super-G i St. Moritz11:57 Astrid Øyre Slind vant suverent La Venosta11:27 Hopp: Tande står over lagkonkurransen, erstattes av Forfang11:08 Friski: Norsk seier i Beijing til Killi og Ruud11:04 Fare for nye ras fra fjellparti – usikkert når E18 i Larvik kan åpnes10:58 Savnet mann funnet i god behold på Sotra10:57 Ap-politiker: – Det er Raymond Johansen som har skapt bompengepartiet10:42 Hoppdronningens legendejakt10:17 Bortførte hjelpearbeidere drept i Nigeria10:07 Svensk NHL-spiller rammet av kreft09:42 Mann siktet for voldtekt av barn under 14 år09:41 Tallet på omkomne etter vulkanutbrudd stiger09:29 Mann tiltalt for seksuell omgang med 13-åring09:03 USA innfører sanksjoner mot libanesiske forretningsmenn08:52 Unge funksjonshemmede har dårligere livskvalitet: – Handler om diskriminering08:15 Nationen: Endring i skatteoppkrevingen rammer kommunene08:14 Nord-Korea hevder å ha gjennomført «avgjørende test»08:00 USA og Storbritannia advarer mot å reise til indisk delstat07:26 23 regjeringssoldater drept i Taliban-angrep06:26 Presidentkandidater truer med å droppe debatt06:15 Kunstig intelligens skal fullføre Beethovens 10. symfoni06:00 Mann påkjørt i Oslo sentrum05:52 Oftedal om OL-veien: – Det synes jeg høres utrolig merkelig ut05:50 Dette skjer i dag05:30 Dette skjedde i natt05:10 Professor mener uavhengige Nav-granskere er inhabile04:32 Hongkongs leder på vei til Kina04:32 Staten vil stanse juleøl-kalendre på Facebook04:08 Supermanns kappe og Bilbos pipe går under hammeren03:39 Evo Morales har fått asyl i Argentina02:46 Vy inngikk «hemmelig» forlik med Vy Communication02:46 Steinkasting og rakettskyting mot svensk politi01:32 Høyesterett i USA vil ha forklaring fra Trump om finansopplysninger00:49 Chile starter å identifisere ofre etter flyulykke00:10 John Lennons runde briller solgt for 1,7 millioner kroner23:30 VG: Solskjær møtte Haaland-leiren i Salzburg22:57 Norges rikeste får 80 milliarder kroner i skattefrie inntekter22:53 Trønder tiltalt for å ha skremt og forfulgt vindkraftarbeider22:21 Hovland og makkeren langt bak etter én dag22:06 FIS-direktør frykter langrennsnasjoner ikke vil ha råd til å delta22:05 Frp vil endre pelsdyrforskrift21:36 Flere skyteepisoder i Sverige21:26 Lars Harnes pågrepet for vold20:57 ESA: TV 2s avtale om statsstøtte er i tråd med EØS-regelverket20:37 Greta Thunberg (16) tar pause20:15 Ulovlig trafikkopplæring skal stanses19:46 Johnson oppfordrer britene til samhold19:38 Erklæringen om Manshaus' tilregnelighet er godkjent19:16 Øyafestivalen mister statlig millionstøtte19:03 Skuespilleren Danny Aiello er død18:57 ABC Startsiden og ABC Nyheter angrepet av hackere18:29 Ensomhet-kampanje får slakt: – Over streken18:21 Person funnet død under letingen etter norsk gutt på Island18:19 Mann dømt til sju og et halvt års fengsel for grove seksuelle overgrep18:18 Fiskeriavtalen med EU i havn18:05 Enden på visa for Bergen Frp16:20 Justiskomiteen har vedtatt tiltalebeslutning mot Trump – avstemning i plenum om få dager16:13 Russland fengsler medlem av Jehovas vitner i seks år16:12 Corbyn går av etter nyttår16:05 Norge frikjent for pappa-diskriminering i EFTA-domstolen15:56 Ine Eriksen Søreide venter krevende forhandlinger med britene15:48 – Debatten som har vært, skremmer vettet av folk15:43 Cruise-beredskapen skal under lupen etter Viking Sky-havariet15:40 Thingnes Bø jubilerte, tok karrierens 40. verdenscupseier15:21 Nilsen gikk til hun spydde, tok ny verdenscupseier15:19 Spotify stenger kontoret i Norge15:13 Tande skadd av løpsk ski15:00 Håper at alle Babcock-flyene er reparert senest mandag14:50 13. ETG: Århundrets julekalender: Velkommen til år 201014:10 Lars Petter Hagen ny leder av Kulturrådet14:09 Ny redaktør og leder i Nynorsk pressekontor14:01 Norge ydmyket i VM-semifinalen
Siste nytt
16:40SportRingen på fjerdeplass i kontinentalcupen i Ruka16:22SportHåvard Nielsen scoret i Greuther Furths storseier16:15NorgeMann alvorlig skadd i påkjørsel i Skien16:04SportLiverpool slapp med skrekken – Klopp feiret ny kontrakt med seier over Watford15:59SportFeilfri Thingnes Bø smadret konkurrentene på jaktstarten i Hochfilzen15:56SportKlæbo spurtet til seier i Davos – første pallplass for Taugbøl15:55SportFalla slått av 20 år gamle svenske Svanh på sprinten: – Var sikker på at det var Stina15:49SportLundby skuffet og ble nummer fem da Hölzl vant i Klingenthal15:12VerdenMange pågrepet under protester mot valget i Algerie15:07NorgeMann knivstukket på Jessheim – mistenkt pågrepet14:58NorgePerson fløyet til sykehus etter arbeidsulykke i Nordland14:57MotorNasjonal rassikringsgruppe frykter pris trumfer sikkerhet i veiutbygging14:52SportSyrstad Engen-mål for Wolfsburg i storseier14:51SportLangrenn: 14 nordmenn foran beste utlending i skandinavisk cup i Vuokatti14:35NorgeNorsk pilot tiltalt for menneskehandel og grov voldtekt14:25SportTrond Alstad gir seg i RBK14:11VerdenPolens opposisjon har valgt presidentkandidat13:43VerdenKlimaforhandlingene fortsetter på overtid13:18VerdenTusenvis demonstrerer i Bangkok13:11SportForrykende Olsbu Røiseland-avslutning sikret norsk stafettseier: – Ingen klarer å holde følge13:09NorgeNAF: – Uforståelig at et stort ras kan skje ved en nybygget hovedvei13:03SportSkøyter: Lorentzen med nok en skuffende plassering12:51NorgeDale: – Jeg priser meg lykkelig over at ingen er omkommet eller skadd etter raset på E1812:49VerdenSudans tidligere diktator dømt husarrest12:37SportFlere norske profiler røk ut i sprintprologen i Davos12:11SportSlalåmen i Val d'Isère avlyst, nytt forsøk søndag12:07VerdenHodeidas innbyggere lever fortsatt i frykt12:06VerdenFunn av kirke kaster nytt lys på når kristendommen kom til Afrika12:01SportLie med bestenotering i super-G i St. Moritz11:57SportAstrid Øyre Slind vant suverent La Venosta11:27SportHopp: Tande står over lagkonkurransen, erstattes av Forfang11:08SportFriski: Norsk seier i Beijing til Killi og Ruud11:04NorgeFare for nye ras fra fjellparti – usikkert når E18 i Larvik kan åpnes10:58NorgeSavnet mann funnet i god behold på Sotra10:57PolitikkAp-politiker: – Det er Raymond Johansen som har skapt bompengepartiet10:42SportHoppdronningens legendejakt10:17VerdenBortførte hjelpearbeidere drept i Nigeria10:07SportSvensk NHL-spiller rammet av kreft09:42NorgeMann siktet for voldtekt av barn under 14 år09:41VerdenTallet på omkomne etter vulkanutbrudd stiger09:29NorgeMann tiltalt for seksuell omgang med 13-åring09:03VerdenUSA innfører sanksjoner mot libanesiske forretningsmenn08:52Helse og livsstilUnge funksjonshemmede har dårligere livskvalitet: – Handler om diskriminering08:15NorgeNationen: Endring i skatteoppkrevingen rammer kommunene08:14VerdenNord-Korea hevder å ha gjennomført «avgjørende test»08:00VerdenUSA og Storbritannia advarer mot å reise til indisk delstat07:26Verden23 regjeringssoldater drept i Taliban-angrep06:26VerdenPresidentkandidater truer med å droppe debatt06:15VerdenKunstig intelligens skal fullføre Beethovens 10. symfoni06:00NorgeMann påkjørt i Oslo sentrum05:52SportOftedal om OL-veien: – Det synes jeg høres utrolig merkelig ut05:50NorgeDette skjer i dag05:30NorgeDette skjedde i natt05:10NorgeProfessor mener uavhengige Nav-granskere er inhabile04:32VerdenHongkongs leder på vei til Kina04:32NorgeStaten vil stanse juleøl-kalendre på Facebook04:08VerdenSupermanns kappe og Bilbos pipe går under hammeren03:39VerdenEvo Morales har fått asyl i Argentina02:46NorgeVy inngikk «hemmelig» forlik med Vy Communication02:46VerdenSteinkasting og rakettskyting mot svensk politi01:32VerdenHøyesterett i USA vil ha forklaring fra Trump om finansopplysninger00:49VerdenChile starter å identifisere ofre etter flyulykke00:10VerdenJohn Lennons runde briller solgt for 1,7 millioner kroner23:30SportVG: Solskjær møtte Haaland-leiren i Salzburg22:57PengerNorges rikeste får 80 milliarder kroner i skattefrie inntekter22:53NorgeTrønder tiltalt for å ha skremt og forfulgt vindkraftarbeider22:21SportHovland og makkeren langt bak etter én dag22:06SportFIS-direktør frykter langrennsnasjoner ikke vil ha råd til å delta22:05NorgeFrp vil endre pelsdyrforskrift21:36VerdenFlere skyteepisoder i Sverige21:26NorgeLars Harnes pågrepet for vold20:57NorgeESA: TV 2s avtale om statsstøtte er i tråd med EØS-regelverket20:37VerdenGreta Thunberg (16) tar pause20:15MotorUlovlig trafikkopplæring skal stanses19:46PolitikkJohnson oppfordrer britene til samhold19:38NorgeErklæringen om Manshaus' tilregnelighet er godkjent19:16PengerØyafestivalen mister statlig millionstøtte19:03VerdenSkuespilleren Danny Aiello er død18:57NorgeABC Startsiden og ABC Nyheter angrepet av hackere18:29PengerEnsomhet-kampanje får slakt: – Over streken18:21NorgePerson funnet død under letingen etter norsk gutt på Island18:19NorgeMann dømt til sju og et halvt års fengsel for grove seksuelle overgrep18:18NorgeFiskeriavtalen med EU i havn18:05PolitikkEnden på visa for Bergen Frp16:20VerdenJustiskomiteen har vedtatt tiltalebeslutning mot Trump – avstemning i plenum om få dager16:13VerdenRussland fengsler medlem av Jehovas vitner i seks år16:12PolitikkCorbyn går av etter nyttår16:05NorgeNorge frikjent for pappa-diskriminering i EFTA-domstolen15:56NorgeIne Eriksen Søreide venter krevende forhandlinger med britene15:48Helse og livsstil– Debatten som har vært, skremmer vettet av folk15:43NorgeCruise-beredskapen skal under lupen etter Viking Sky-havariet15:40SportThingnes Bø jubilerte, tok karrierens 40. verdenscupseier15:21SportNilsen gikk til hun spydde, tok ny verdenscupseier15:19KulturSpotify stenger kontoret i Norge15:13SportTande skadd av løpsk ski15:00NorgeHåper at alle Babcock-flyene er reparert senest mandag14:50Kultur13. ETG: Århundrets julekalender: Velkommen til år 201014:10KulturLars Petter Hagen ny leder av Kulturrådet14:09KulturNy redaktør og leder i Nynorsk pressekontor14:01SportNorge ydmyket i VM-semifinalen
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus