Meny

– Zikavirus blir verande i hjernen i lang tid

En kvinne bak et banner som er hengt opp for å advare mot zikaviruset i Honduras. Foto: Jorge Cabrera / Reuters

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Internasjonale forskarar er bekymra for langtidseffektane av zikavirus hjå tusenvis av tilsynelatande friske born. Utvikling av effektive vaksinar tek tid.

Verdas helseorganisasjon (WHO) har no konkludert med at zikaviruset kan gi mikrokefali, der nyfødde born har ein sterkt underutvikla hjerne. Dette er inga overrasking, men kjem som eit resultat av intensiv laboratorieforsking og kartlegging av statistiske data frå heile verda.

Om lag 1,5 millionar menneske har blitt smitta av zikaviruset i Brasil, i hovudsak i dei fattige områda i nord-aust. Globalt er zikavirus er årsaka til mikrokefali hjå over 4000 born sidan starten på 2015, men forskarane peikar på eit potensielt endå større problem: dei moglege langtidseffektane av zikavirus hjå born som er friske ved fødselen.

Les også: Vil hindre Zika med bakterie

Viruset infiserer hjerneceller

– Basert på resultata våre er det ikkje sikkert at å bli smitta av zikavirus er så ufarleg for vaksne som folk trur, sier Gleeson Joseph Gleeson ved Rockefeller University til The Independent.

Mikrokefali er ein sjukdom der bornet vert fødd med ein underutvikla hjerne og ein liten hovudskalle. I eksperiment med mus og apar , har forskarar funne at zikaviruset flyttar seg frå blodårene til den gravide kvinna, gjennom morkaka og infiserer hjernecellene til fosteret.

I laboratoriet har forskarar også observert at zikaviruset hindrar utvikling av hjernestamceller , og at dette får konsekvensar for utvikling av hjerneborken . Det er framleis uklårt korleis viruset oppfører seg hjå menneske, og korleis viruset påverkar nervecellene våre.

Les også: Reiseselskap om zika-faren: – Gravide må ta kontakt

Bilde av tre måneder gamle Lara i Brasil som ble født med mikrokefali. Det er bred vitenskapelig enighet om at zikavirus kan forårsake Guillain-Barré syndrom, mikrokefali og andre nevrologiske komplikasjoner. Foto: Foto: AP / NTB scanpix.

Usikker framtid for dei friske

Forskarane er mellom anna redde for utviklinga av nervesystemet hjå borna som var friske ved fødselen. I tillegg til mikrokefali hjå nyfødde, kan zikavirus også gi andre nevrologiske defektar, slik som redusert hørsel, problem med synet og motoriske vanskar. Det er uklart korleis viruset påverkar dei tilsynelatande friske borna av zikainfiserte mødrer over lengre tid. Vil zikaviruset påverke hjernen deira etterkvart som dei veks opp?

Hjå vaksne kan viruset vere årsak til ein sjeldan nervesjukdom kalla Guillain-Barré syndrom, der immunforsvaret går til angrep på nervecellene.

Les også: Zika-frykt gir stans i blodoverføringer i Miami

Angrep på hjernecellene

Nyleg kom det rapportar frå laboratoriet til Joseph Gleeson ved Rockefeller University om at zikaviruset også kan gå til angrep på hjernecellene hjå vaksne mus.

– Basert på resultata våre er det ikkje sikkert at å bli smitta av zikavirus er så ufarleg for vaksne som folk trur, uttalte Gleeson til The Independent.

– Vi kjenner endå ikkje til langtidskonsekvensane, sa David O´Connor, forskar ved Universitetet i Wisconsin-Madison til Journal of the American Medical Association.

– Ei moglegheit, støtta av våre data og av publiserte studiar, er at viruset blir verande i hjernen i lang tid, noko som kan forårsake kontinuerleg skade på nervecellene, fortsatte han.

Les også: Forskere kan ha funnet kobling mellom zika og nervesykdom

Det er framleis mykje vi ikkje veit om zikaviruset (oransje). Foto: Foto: NIAID/Flickr/CC BY 2.0

Testar vaksine

Titals forskargrupper i heile verda arbeider for å utvikle effektive vaksinar mot zikaviruset.

Nyleg vart utprøving av to ulike vaksinar iverksett (ein i Puerto Rico , den andre i USA).

Sidan zikaviruset er i familie med virusa som gir gulfeber og denguefeber, testar nokre forskarar om vaksine mot den eine også kan fungere som vaksine mot den andre. Førebels er resultata både lovande og skuffande, og det er mykje som framleis er må undersøkast før vaksina vert tilgjenegeleg for dei millionane av menneske som treng den.

Les også: Zika kobles til flere alvorlige fosterskader

Om zikafeber

  • Sykdom forårsaket av zikaviruset. Overføres i hovedsak av mygg, men WHO fastslo nylig at viruset også overføres seksuelt oftere enn antatt.
  • Gir vanligvis milde symptomer som ligner denguefeber og chikungunyafeber, og som går over etter 2 til 7 dager. Tiden fra smitte til utbrudd er vanligvis 3 til 12 dager.
  • De siste tilfellene er rapportert i Miami i Florida, der 14 mennesker 2. august er bekreftet smittet.
  • Sykdommen forekommer i Sørøst-Asia, Afrika og øyer i Stillehavet. Siden mai 2015 også på det amerikanske kontinent.
  • Ifølge Verdens helseorganisasjon er det bred vitenskapelig enighet om at zikavirus blant annet kan forårsake Guillain-Barré syndrom, mikrokefali og andre nevrologiske komplikasjoner.
  • Mikrokefali er en nevrologisk tilstand hos nyfødte som innebærer at hodeskallen er liten, som regel et resultat av at hjernen har utviklet seg unormalt i fosterlivet.
  • Det finnes ingen vaksine mot zikafeber. Beskyttelse mot myggstikk er det eneste forebyggende tiltaket.
  • I motsetning til malariamyggen, biter zika-myggen også om dagen.
  • Det er ikke meldt om tilfeller av zikafeber som er overført av mygg i Europa.

(Kilde: Folkehelseinstituttet) (©NTB)

Populært