Kva skjer når ein republikk blir erstatta av eit keisardømme?

«Men i Roma sprang dei inn i slaveriet, konsular, senatorar, riddarar. Jo høgare rang, desto falskare og med desto meir iver,» les me i «Annalar», som Aske Damtoft Poulsen har forska på.
«Men i Roma sprang dei inn i slaveriet, konsular, senatorar, riddarar. Jo høgare rang, desto falskare og med desto meir iver,» les me i «Annalar», som Aske Damtoft Poulsen har forska på. Foto: Foto: Isak Slettebø

Usseldom og storleik står side om side i «Annalar» av den gamle romaren Tacitus, som forskar Aske Damtoft har fordjupa seg i. Men kva kan Romarriket og latinen fortelja om vår eiga tid?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Aske Damtoft Poulsen er latinfilolog og har nyleg forsvart doktoravhandlinga si. Han har forska på verket Annalar av Tacitus (ca. 56-120 e.Kr.), historikaren som skildrar svik, mot og bitre maktkampar i Romarriket, kort tid etter at keisar Augustus var død.

– Kva kan me læra av Tacitus i dag?

– Eg vil gjerne seia «alt», for god litteratur kan leia tankane mest kor som helst. Men eg får halda meg i skinnet og nøya meg med å seia «politikk» for denne gongen.

– Tacitus skildrar kva som skjer når ein republikk – eit slags demokrati – blir erstatta av eit keisardøme – eit slags einevelde. Kva skjer med omgrepa våre, moralen og historieforståinga? Korleis oppfører mennesket seg når det er underlagt logikken til eineveldet?

Korleis skal ein senator reagera når keisaren døyr?

Damtoft gir eit døme frå Annalar: «Men i Roma sprang dei inn i slaveriet, konsular, senatorar, riddarar. Jo høgare rang, desto falskare og med desto større iver, med andletet forma for ikkje å synast for glad over døden til éin keisar, men heller ikkje for trist i møtet med ein ny. Dei blanda tårer, glede, jammer og smisk.»

(Saken fortsetter under)

Annalane til Tacitus skal framleis vera god lesnad, nesten to millennium etter at dei blei skrivne.
Annalane til Tacitus skal framleis vera god lesnad, nesten to millennium etter at dei blei skrivne.

– I tillegg til å gi eit minneverdig bilete av dei stakkars senatorane (korleis set ein opp andletet slik at ein ser både glad og trist ut på éin gong?), syner passasjen òg at eineveldet og slaveriet ikkje treng å bli tvinga på eit folk.

I dei rette omstenda kan folk sjølv søkja tilflukt i eineveldet. Verka til Tacitus omhandlar både dei som nyttelaust gjer motstand mot, og dei som underdanig samarbeider med, keisarregimet, og alle mogelege nyansar mellom dei.

Les også: Elitane kveler oss – alltid

Politikarar forsvarer streng innvandringspolitikk med romersk historie

– Ser me nokre likskapar mellom det Romarriket Tacitus skildrar, og andre stormakter i dag og i nyare tid?

Etter Augustus var det uro i Romarriket, og hardstyraren Nero blei keisar i 54 e.Kr. Foto: Carl Theodor von Piloty / CC BY-SA 3.0-lisens
Etter Augustus var det uro i Romarriket, og hardstyraren Nero blei keisar i 54 e.Kr. Foto: Carl Theodor von Piloty / CC BY-SA 3.0-lisens

– Om det kan ein skriva – og det blir skrive – hyllemeter. Sjølv om det så klart finst likskapar mellom ulike statar og ulike tider, vil eg heller slå eit slag for faren ved slike samanlikningar. Dei er altfor ofte overflatiske, unyanserte og totalt blotta for kontekst: Ein vel ut visse aspekt ved antikken, forenklar dei, og nyttar dei til å byggja opp under eigne politiske oppfatningar.

Damtoft peiker på teorien om at Romarriket fall på grunn av barbar-invasjonar. Moderne politikarar dreg gjerne parallellar til i dag for å legitimera restriktiv innvandringspolitikk.

– Slike korthus kan vera ekstremt effektive retorisk, og har ofte eit langt sterkare folkeleg enn vitskapleg fundament.

Påstanden om at barbar-invasjoner tok knekken på Romarriket, er for lengst blitt nyansert av forsking. Likevel lever han ofte vidare i populærvitskaplege og politiske debattar.

– Men sjølv om slike ordskifte syner at populærvitskapleg historiebruk kan vera både farleg og farleg effektivt, er det samstundes eit døme på at diskusjonar om oldtida kan vera ein møtestad for konstruktiv debatt om vår eiga framtid.

«Dei lagar ei øydemark og kallar det fred!»

Calgacus eggja opp kaledonarane med ein kruttsterk tale mot romarane. Foto: Grafikk, 1859 / CC-lisens
Calgacus eggja opp kaledonarane med ein kruttsterk tale mot romarane. Foto: Grafikk, 1859 / CC-lisens

Damtoft trekkjer fram ein tale av den britiske fridomshelten Calgacus, som sloss imot romarane omkring år 80 e.Kr. i det noverande Skottland.

Før det avgjerande slaget skal Calgacus ha sagt «solitudinem faciunt, pacem appellant!» om romarane. «Dei lagar ei øydemark og kallar det fred!»

– Calgacus minner oss om at kvart land som involverer seg politisk – økonomisk eller militært – i eit anna land, må tenkja grundig over spørsmål om legitimering og konsekvensar.

Les også: Stor undersøking av nordmenn: Ja til flyktningar, nei til arbeidsinnvandrarar

Løynd stikk til Augustus

Eit faguttrykk me ikkje kjem utanom når me les dei gamle romarane, er intertekstualitet. Damtoft utdjupar:

– Alt me seier og skriv, må forståast utifrå kva som tidlegare er sagt og skrive. Intertekstualitet er difor innebygd i all litteratur. Men, bruken av intertekstualitet som eit medvite verkemiddel frå forfattaren for å skapa meining i teksten, hadde utan tvil ein gullalder i antikken.

Damtoft gir eit døme, og det er no det blir interessant:

Keisar Augustus – ein svikar av greske dimensjonar? Tacitus kan ha meint det. Foto: Statue: Vatikanmusea
Keisar Augustus – ein svikar av greske dimensjonar? Tacitus kan ha meint det. Foto: Statue: Vatikanmusea

– Når Tacitus lèt Augustus’ kritikarar omtala han som ein «machinator doli», «oppfinnar av svik», så er det ein hard dom over den fyrste keisaren. Men hardare blir det når ein byrjar å fundera over kvar Tacitus kan ha henta eit slikt uttrykk.

Sjølv om ordet «machinator» er svært uvanleg og ikkje dukkar opp saman med «doli» nokon annan stad i oldtidslitteraturen, så finn me nemleg liknande uttrykk nytta om grekarane som narra trojanarane med den vidgjetne hesten.

Damtoft peikar på Odysseus, som hjå romaren Seneca blir skildra som ein «machinator fraudis», «ein oppfinnar av bedrag». Arkitekten Epos blir dessutan kalla ein «doli fabricator», ingeniør av svik, av Vergil.

– Brått er Augustus altså ikkje berre ein generelt sleip person, men ein mann som kastar ein skugge, og i skuggen kan ein skimta svikefulle grekarar. Kva for konsekvensar har det for heilskapsbiletet av Augustus, særleg med tanke på at romarane meinte dei sjølv var etterkomarar av trojanarane?

Blir Augustus då ein slags forrædar mot sitt eige folk?

Det kan verka i overkant dristig å lesa så mykje ut av det vesle uttrykket, men Damtoft seier me gjer rett i å tolka med tæl.

Populære i autoritære regime

– Me veit at oldtidsforfattarar la ned stor møde i å pønska ut smarte allusjonar. T.d. skriv poeten Horats eksplisitt om – og beklagar seg over – at slike allusjonar ikkje alltid blir oppfatta av lesarane, sjå Hor. Epist. 2.1.224-5: «cum lamentamur non apparere labores / nostros», «me beklagar oss over at vårt strev ikkje kjem til syne», forklarer Damtoft.

Dei antikke forfattarane spelar kontinuerleg dette spelet med lesaren, som på den måten blir både utfordra og involvert i teksten.

– Med dette i bakhovudet er det kan henda ikkje så rart at forfattarar heilt opp til våre dagar, som levde under autoritære regime, t.d. Kapucinski og andre i Sovjet, har trykt oldtidsforfattarane til sitt bryst. Dei må jo læra kunsten å skriva allegorisk for å unngå sensurens lange arm, held han fram.

Les også: Døde kvite menn

– Det finst ei klar line mellom oss og romarane

Damtoft er tidlegare latinelev av lektor Hilde Sejersted, som me har intervjua før her i Framtida.

– Trur du fleire ungdomar kunne hatt glede av å læra latin på skulen?

– Absolutt, både glede og nytte. Studiet av latin opnar dører til sjølvrefleksjon innanfor både språk og samfunn.

Forståinga av at det går an å omgi seg med andre omgrep og tenkja i andre vendingar, ja rett og slett leva i ein annan røyndom, er ifylgje Damtoft ein uvurderleg lærdom.

– Samstundes finst det jo òg ei klar line mellom oss og romarane: I den eine augneblinken er dei heilt framande, medan i den andre, frå eit anna perspektiv, verkar dei nesten som brør av vår eiga tid. Både latinen og romarane er gode å tenkja med, held han fram.

Damtoft vedgår at romarane levde i eit heilt anna samfunn, med ein svært annleis røyndomssans og med andre sanningar. Dei er nærast utanfor vår mentale rekkjevidde, men framleis er me i Vesten etterkomarar av dei – og latin utgjer tyngda av den arven dei har lagt igjen.

– Viktig å sjå kritisk på vår eigen kultur frå ståstaden til ein annan

– Samstundes trur eg, sjølv om eg jo sjølv har særleg sans for antikken, at det viktigaste likevel er at ein fordjupar seg i ein annan kultur, same kva for ein det måtte vera.

Damtoft dreg fram den engelske diktaren og litteraturkritikaren T. S. Eliot, som i eit essay skriv at det finst to ulike typar av provinsialisme.

Ein kan vera trongsynt ikkje berre mot verda rundt seg, men òg mot fortida.

– Den sistnemnde provinsialismen inneber at ein ser på historia som ei rekkje oppdagingar og eksperiment som berre har eitt mål: å leia oss til dagens samfunn.

Innanfor ei slik verdsoppfatning har fortida verdi berre dersom ho kan gagna moderne menneske.

– Langt viktigare enn evna til å sjå kritisk på ein annan kultur, er evna til å sjå kritisk på sin eigen frå ståstaden til ein annan kultur.

Les også: Meir skjønnlitteratur i skulen!

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
21:40 Trump ber høyesterett nekte Kongressen innsyn i finansopplysninger21:33 Politiet utelukker ikke flere pågripelser etter skyting i Trondheim21:07 Listhaug avskriver staten: – Kan bidra til at folk blir mindre ensomme20:40 Pearson blir Watfords tredje manager denne sesongen20:23 Mann omkom i ulykke på Randaberg i Rogaland20:10 Christiansen tok EM-sølv og satte nordisk rekord20:07 Kilde sikret sesongens første pallplass med strålende løp i USA20:05 Drapsforsøk med sparkesykkel opp for lagmannsretten19:09 Aktor krever femdoblet kausjon for Weinstein19:07 Hvas tok EM-sølv og smadret den nordiske rekorden på 200 meter medley18:57 Lørenskog-saken: Kan ha låst seg inn i huset18:27 Mann omkom i snøscooterulykke i Alta18:19 Forsvarer drapstiltalt nordmann: Tok ikke uprovosert kvelertak på mannen18:09 Greta Thunberg: – De hører oss, men handler ikke15:59 Merkel bøyde hodet for nazistenes ofre15:32 Konkurrentene faller som fluer rundt Johaug15:29 Bosnia vil tømme sterkt kritisert teltleir15:13 Saudiaraber skal ha stått bak skyting på amerikansk militærbase15:13 Tennisspilleren Caroline Wozniacki legger opp14:44 Frp-topp ut mot Carl I. Hagens NRK-tirade14:25 Pasient fikk overført feil blodtype under operasjon14:24 Mann funnet død i Trondheim13:53 VM-smell for Norge mot Nederland13:50 Gasseksplosjon i Iran krevde mange liv13:49 Thorhild Widvey er ny styreleder for Festspillene i Bergen13:43 Sundby: – Tror ikke på et mirakel13:04 Oslo-bussene forsinket hver dag – byrådet skylder på bilene12:32 Chelsea kan handle spillere i januar12:31 Senterpartiet vil ha billigere gang- og sykkelveier12:14 Narkoaksjon med utspring i Norge: 4 tonn hasj beslaglagt12:06 Finansselskaper satser flere tusen milliarder på kull11:50 Turistenes meldinger i sanden setter sinnene i kok11:44 Norsk hopper på vei til Russland etter visumkluss11:38 Solskjær om avisforside: – Det verste jeg har sett11:19 Tre menn mistenkt etter drapet på Wilma (17) i Sverige11:01 Partene i atomavtalen med Iran møtes for å redde stumpene11:00 Mann siktet for medvirkning til drapsforsøk etter skyting i Trondheim10:55 Politiet etterlyser vitne etter Tromsø-tragedien10:09 Ljungberg: – Spillerne så redde ut10:08 Svært glatte veier på Østlandet09:55 Frankrike gjør seg klar for ny dag med streikekaos09:53 Mot verdensrekord i Bergen - snart går hver femte bil på strøm09:29 Greta Thunberg framme i Madrid09:27 Eldre kvinner og innvandrere er overrepresentert blant dem med dårlig råd09:01 Ny rekordoppslutning for Jimmy Åkessons sverigedemokrater08:59 Politiet bevæpner seg i hele Trøndelag etter skyting08:40 Lagerbäck vil ha mer moro med Norge08:15 Fireåringen fra Tromsø døde av drukning07:37 Petter Dass-prisen til Arne Viste07:31 Vegvesenet får samme muligheter som Nye Veier07:24 Kasparov: – Trumps USA er et ekko fra sovjettiden07:24 Høyre-topp får Politi-Bolstad til å se rødt: – Jeg er utrolig sint og forbanna06:53 Zuccarello matchvinner for Wild mot Tampa Bay06:38 Uber melder om 6.000 overgrep på to år i USA06:19 Brrrr, iskald VM-oppladning for Oftedal og håndballjentene06:02 Fire indiske menn siktet for voldtekt, skutt av politiet06:00 Nav må gå gjennom nesten 5.000 saker06:00 Norsk monster-fasit i OL, VM og EM parkerer de andre05:57 Politiet jakter minst en gjerningsperson etter skyting05:50 Dette skjer i dag05:44 Enorme skogbranner omringer Australias største by05:33 Dette skjedde i natt05:05 To på strømmen: Syklet over 300 mil på seks uker05:00 SPD velger ny ledelse: Trøbbel for Merkels storkoalisjon04:23 SAS planlegger nytt selskap – pilotene steiler04:11 Fire drept da ranere stjal budbil og startet skuddveksling med politiet i Miami04:06 Ny avtale om Nordkapplatået gir millionøkning i leieinntekter03:02 Helikopter med tre om bord styrtet i Minnesota02:56 En omkommet og en hardt skadd i trafikkulykke i Svolvær02:37 Vaksinemotstander arrestert på Samoa02:15 En kvinne i 80-årene er død og en kvinne i 40-årene er hardt skadd etter en trafikkulykke i Svolvær02:09 Én av ti sykepleiere har sett overgrep01:42 Mann til sykehus med stikkskader01:23 Bloomberg vil gå inn for skjerpet våpenkontroll i USA00:02 Putin håper på fornying av nedrustningsavtale før nyttår23:57 Flere fjelloverganger åpnet igjen23:35 Arsenal-marerittet fortsetter – tapte på hjemmebane mot Brighton23:15 Frankrike lammet da hundretusener protesterte mot pensjonsreform23:14 Nytt Arsenal-mareritt – tapte på hjemmebane mot Brighton22:23 Facebook med søksmål etter svindelannonser22:11 Mann utga seg for å jobbe i barnevernet for å komme i kontakt med alenemor – dømt for overgrep22:09 Venstre og KrF stemte mot økt jobbrett for ureturnerbare22:01 Silva fikk sparken i Everton21:58 Frisørkjede nekter å følge pålegg – møter ministeren21:25 – Vi kan ikke godta at en sykdom som var på vei til å bli utslettet, blusser opp på denne måten21:22 Pelosi langet ut mot journalist som spurte om hun hater Trump20:32 Mann alvorlig skadd etter å ha blitt skutt i Trondheim19:18 Skatteetaten endrer regler etter avsløring18:43 Tandrevold med kjempeløp og 4.-plass i Östersund18:38 Regjeringen åpner for midlertidig dobbeltflagging18:37 Frp-politiker nominerer NATO til Nobels fredspris18:20 Slik kommer migranter seg inn i Europa17:04 Nordmann skutt i Brasil16:46 Ulf Leirstein skal lede Stortingets PST-undersøkelser16:14 Kronprins Haakon om Mette-Marits Epstein-møter: – Hun beklager og er lei seg15:52 Britene er misfornøyd med norsk juletre15:49 Norsk hopper sendt hjem fra Russland uten gyldig visum15:45 To menn dømt for drap på tidligere MC-klubbmedlem i Asker15:26 Norsk kvinne druknet i turistparadis15:11 Økt press på Hauglie – Ap og SV truer med mistillit
Siste nytt
21:40VerdenTrump ber høyesterett nekte Kongressen innsyn i finansopplysninger21:33NorgePolitiet utelukker ikke flere pågripelser etter skyting i Trondheim21:07PolitikkListhaug avskriver staten: – Kan bidra til at folk blir mindre ensomme20:40SportPearson blir Watfords tredje manager denne sesongen20:23NorgeMann omkom i ulykke på Randaberg i Rogaland20:10SportChristiansen tok EM-sølv og satte nordisk rekord20:07SportKilde sikret sesongens første pallplass med strålende løp i USA20:05NorgeDrapsforsøk med sparkesykkel opp for lagmannsretten19:09VerdenAktor krever femdoblet kausjon for Weinstein19:07SportHvas tok EM-sølv og smadret den nordiske rekorden på 200 meter medley18:57NorgeLørenskog-saken: Kan ha låst seg inn i huset18:27NorgeMann omkom i snøscooterulykke i Alta18:19VerdenForsvarer drapstiltalt nordmann: Tok ikke uprovosert kvelertak på mannen18:09VerdenGreta Thunberg: – De hører oss, men handler ikke15:59VerdenMerkel bøyde hodet for nazistenes ofre15:32SportKonkurrentene faller som fluer rundt Johaug15:29VerdenBosnia vil tømme sterkt kritisert teltleir15:13VerdenSaudiaraber skal ha stått bak skyting på amerikansk militærbase15:13SportTennisspilleren Caroline Wozniacki legger opp14:44PolitikkFrp-topp ut mot Carl I. Hagens NRK-tirade14:25Helse og livsstilPasient fikk overført feil blodtype under operasjon14:24NorgeMann funnet død i Trondheim13:53SportVM-smell for Norge mot Nederland13:50VerdenGasseksplosjon i Iran krevde mange liv13:49KulturThorhild Widvey er ny styreleder for Festspillene i Bergen13:43SportSundby: – Tror ikke på et mirakel13:04NorgeOslo-bussene forsinket hver dag – byrådet skylder på bilene12:32SportChelsea kan handle spillere i januar12:31PolitikkSenterpartiet vil ha billigere gang- og sykkelveier12:14NorgeNarkoaksjon med utspring i Norge: 4 tonn hasj beslaglagt12:06PengerFinansselskaper satser flere tusen milliarder på kull11:50ReiseTuristenes meldinger i sanden setter sinnene i kok11:44SportNorsk hopper på vei til Russland etter visumkluss11:38SportSolskjær om avisforside: – Det verste jeg har sett11:19VerdenTre menn mistenkt etter drapet på Wilma (17) i Sverige11:01VerdenPartene i atomavtalen med Iran møtes for å redde stumpene11:00NorgeMann siktet for medvirkning til drapsforsøk etter skyting i Trondheim10:55NorgePolitiet etterlyser vitne etter Tromsø-tragedien10:09SportLjungberg: – Spillerne så redde ut10:08NorgeSvært glatte veier på Østlandet09:55VerdenFrankrike gjør seg klar for ny dag med streikekaos09:53MotorMot verdensrekord i Bergen - snart går hver femte bil på strøm09:29VerdenGreta Thunberg framme i Madrid09:27PengerEldre kvinner og innvandrere er overrepresentert blant dem med dårlig råd09:01PolitikkNy rekordoppslutning for Jimmy Åkessons sverigedemokrater08:59NorgePolitiet bevæpner seg i hele Trøndelag etter skyting08:40SportLagerbäck vil ha mer moro med Norge08:15NorgeFireåringen fra Tromsø døde av drukning07:37NorgePetter Dass-prisen til Arne Viste07:31NorgeVegvesenet får samme muligheter som Nye Veier07:24VerdenKasparov: – Trumps USA er et ekko fra sovjettiden07:24PolitikkHøyre-topp får Politi-Bolstad til å se rødt: – Jeg er utrolig sint og forbanna06:53SportZuccarello matchvinner for Wild mot Tampa Bay06:38VerdenUber melder om 6.000 overgrep på to år i USA06:19SportBrrrr, iskald VM-oppladning for Oftedal og håndballjentene06:02VerdenFire indiske menn siktet for voldtekt, skutt av politiet06:00NorgeNav må gå gjennom nesten 5.000 saker06:00SportNorsk monster-fasit i OL, VM og EM parkerer de andre05:57NorgePolitiet jakter minst en gjerningsperson etter skyting05:50NorgeDette skjer i dag05:44VerdenEnorme skogbranner omringer Australias største by05:33NorgeDette skjedde i natt05:05NorgeTo på strømmen: Syklet over 300 mil på seks uker05:00PolitikkSPD velger ny ledelse: Trøbbel for Merkels storkoalisjon04:23PengerSAS planlegger nytt selskap – pilotene steiler04:11VerdenFire drept da ranere stjal budbil og startet skuddveksling med politiet i Miami04:06PengerNy avtale om Nordkapplatået gir millionøkning i leieinntekter03:02VerdenHelikopter med tre om bord styrtet i Minnesota02:56NorgeEn omkommet og en hardt skadd i trafikkulykke i Svolvær02:37Helse og livsstilVaksinemotstander arrestert på Samoa02:15NorgeEn kvinne i 80-årene er død og en kvinne i 40-årene er hardt skadd etter en trafikkulykke i Svolvær02:09NorgeÉn av ti sykepleiere har sett overgrep01:42NorgeMann til sykehus med stikkskader01:23PolitikkBloomberg vil gå inn for skjerpet våpenkontroll i USA00:02VerdenPutin håper på fornying av nedrustningsavtale før nyttår23:57NorgeFlere fjelloverganger åpnet igjen23:35SportArsenal-marerittet fortsetter – tapte på hjemmebane mot Brighton23:15VerdenFrankrike lammet da hundretusener protesterte mot pensjonsreform23:14SportNytt Arsenal-mareritt – tapte på hjemmebane mot Brighton22:23KulturFacebook med søksmål etter svindelannonser22:11NorgeMann utga seg for å jobbe i barnevernet for å komme i kontakt med alenemor – dømt for overgrep22:09NorgeVenstre og KrF stemte mot økt jobbrett for ureturnerbare22:01SportSilva fikk sparken i Everton21:58PengerFrisørkjede nekter å følge pålegg – møter ministeren21:25Helse og livsstil– Vi kan ikke godta at en sykdom som var på vei til å bli utslettet, blusser opp på denne måten21:22VerdenPelosi langet ut mot journalist som spurte om hun hater Trump20:32NorgeMann alvorlig skadd etter å ha blitt skutt i Trondheim19:18PengerSkatteetaten endrer regler etter avsløring18:43SportTandrevold med kjempeløp og 4.-plass i Östersund18:38NorgeRegjeringen åpner for midlertidig dobbeltflagging18:37NorgeFrp-politiker nominerer NATO til Nobels fredspris18:20VerdenSlik kommer migranter seg inn i Europa17:04VerdenNordmann skutt i Brasil16:46NorgeUlf Leirstein skal lede Stortingets PST-undersøkelser16:14KulturKronprins Haakon om Mette-Marits Epstein-møter: – Hun beklager og er lei seg15:52VerdenBritene er misfornøyd med norsk juletre15:49SportNorsk hopper sendt hjem fra Russland uten gyldig visum15:45NorgeTo menn dømt for drap på tidligere MC-klubbmedlem i Asker15:26VerdenNorsk kvinne druknet i turistparadis15:11PolitikkØkt press på Hauglie – Ap og SV truer med mistillit
Populært