Skal utkonkurrera kjøtindustrien innan få år

Fleire selskap ønskjer å utkonkurrera industrielt produsert kjøt med produkt utan kjøt frå dyr. Fotomontasje.
Fleire selskap ønskjer å utkonkurrera industrielt produsert kjøt med produkt utan kjøt frå dyr. Fotomontasje.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det vil vera svært vanskeleg å effektivt bekjempa klimaendringar så lenge kjøtkonsumet held fram med å veksa, seier forskarar. Det vil to nye næringar gjera noko med.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Klimaforskarar har lenge utpeika kjøtforbruket vårt som ein klimaversting. Du må gjerne eta både kortreist og økologisk, men så lenge det er kjøt på tallerkenen går utsleppa til vêrs. For ein typisk norsk søndagsmiddag utgjer kjøtet 95 prosent av utsleppa, ifølgje eit notat frå Framtiden i Våre Hender.

Forskarar ved Oxford har funne at utslepp knytta til matproduksjon vil spisa opp omlag 50 prosent av karbonbudsjettet i verda om eit par tiår. Desse utsleppa kan ein redusera med 63 prosent ved ei utbreidd omlegging til vegetarianisme, og 70 prosent ved omlegging til veganisme. Sunt ville det òg vera, konkluderte forskarane.

Milliardinvesteringar i ryggen

Det er motivasjonen bak to nye næringar, med investorar som Bill Gates og Richard Branson, kjøtgigantane Tyson Foods, PHW og Cargill, samt den kinesiske regjeringa i ryggen. Dei vil utkonkurrera industrielt produsert kjøt med produkt som er sunnare, billegare og grønare.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I front for den eine næringa står Beyond Meat og Impossible Foods. Dei produserer burgarar, pølser, kylling og kjøtdeig. Utan kjøt.

Med hjelp frå leiande kjemikarar og teksturekspertar har dei analysert det komplekse samspelet av aromaar og protein som utgjer ein storfeburgar. For å laga ein plantebasert burgar som ikkje skil seg frå originalen, må ein identifisera og gjenskapa så mange av desse aromaane som mogleg. Etter nokre års eksperimentering med tusenvis av ulike planteprotein, hevdar dei nå å ha funne riktig smak, lukt og konsistens.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Beyond Meat sine produkt har alt nådd daglegvarebutikkhyllene i USA. Impossible Foods kunne 21. mars melda at deira blødande «Impossible Burger» nå blir servert ved 1000 amerikanske restaurantar. Alt frå kjendiskokken David Chang’s restaurant Momofuku Nishi til TGI Fridays har omfamna den nå verdskjende burgaren. Men den er førebels ikkje å finna i butikkhyllene.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Impossible Foods-gründer Pat Brown skreiv i januar i år at «kjøtelskande» testpersonar nå i omlag halvparten av blindtestar føretrekk deira Impossible Burger framfor ekte kjøt. Nå er målet å slå storfeburgaren med god margin.

Vil utkonkurrera kjøt med… meir kjøt

Selskap som Memphis Meats, SuperMeat og Hampton Creek har eit litt anna syn på vegen vidare.

– Eg kan ikkje med min beste velvilje førestille meg at folka eg vaks opp med i Alabama vil konsumera ein plantebasert hamburger. Det er eit spørsmål om identitet, sa Hampton Creek-gründer Josh Tetrick nyleg til avisa die Zeit.

I staden satsar dei på kjøt produsert i laboratorium. In Vitro-kjøt, laboratoriekjøt, reint kjøt, alternativt kjøt, kall det kva du vil. Motivasjonen er den same – å sikra matforsyninga til ein veksande befolkning utan at dyr, klima- og miljø blir skadelidande.

Artikkelen fortsetter under annonsen

SuperMeat refererer til forsking frå Universiteta i Oxford og Amsterdam som hevdar at ein kan redusera vassforbruk med 96 prosent, klimagassutslepp med 98 prosent og arealbruk med 99 prosent med den nye produksjonsmetoden.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I 2013 viste professor Mark Post ved Universitetet i Maastricht at det gjekk an: Han framstilte verdas første slaktefri burgar. Burgaren var tørr og smaklaus, men «me viste at det var mogleg», uttalte Post den gong. Burgaren kosta 250 000 dollar å produsera, og var finansiert av Google-gründer Sergey Brin. To år seinare var prisen på ein tilsvarande burgar rundt 11 dollar.

Post gjekk fram ved å ekstrahera stamceller frå to kyr. Med desse cellene dyrka han fram 20 000 muskelfibrar i individuelle cellekulturar med ingrediensar som antibiotika og eit serum ekstrahert frå kufoster. Etter nokre veker var det mogleg å kombinera dei ulike fibrane til ein burgar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag dreier mykje av forskinga seg om å eliminera behovet for dei sistnemnde ingrediensane. Det er ikkje mykje vits i å ta dyra ut av likninga om ein uansett må ta dei inn igjen seinare, lyder argumentasjonen.

Karen L. Syse, førsteamanuensis ved Senter for utvikling og miljø på UiO. Ho har forska på kulturelle årsaker til kjøtkonsum. Foto: UiO
Karen L. Syse, førsteamanuensis ved Senter for utvikling og miljø på UiO. Ho har forska på kulturelle årsaker til kjøtkonsum. Foto: UiO

Bacon-sengetøy og hipsterkultur

Me har snakka med Karen L. Syse, førsteamanuensis ved Senter for utvikling og miljø på UiO. Ho har forska på kulturelle årsaker til kjøtkonsum, og har blant anna skrive om kvifor forsøket med kjøtfri måndag i Forsvaret mislukkast.

Viktige årsaker til det var soldatane sitt ønske om protein i form av kjøt – det trengte ein for å bygga musklar og bli uthaldande – og ein utbreidd macho-kultur i Forsvaret, skreiv ho og forskarkollega Charlotte Kildal den gong.

LES OGSÅ: Forsvaret innfører kjøtfri måndag

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kan det stå i vegen for dei plantebaserte kjøtalternativa til Beyond Meat og Impossible Foods?

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er jo ikkje utan grunn at ein kan kjøpa sokkar og sengetøy med bacon-trykk. Kjøt er tett knytt opp til kultur, og kjøtinntak heng saman med maskulinitet, seier Syse, og viser til at menn konsumerer vesentleg meir kjøt enn kvinner.

Ho legg til eit eksempel.

– Ta hipsterkulturen: Den handlar om å sjå mest mogleg maskulin og skjeggete ut, medan ein typisk bryggar øl og lagar spekeskinke. Med færre maskuline strengar å spela på i det moderne arbeidslivet vil ein kanskje tilbake til opphavet, spekulerer ho.

Dei hipsterproduserte spekeskinkene er også døme på ein annan trend: At folk i aukande grad er på jakt etter det økologiske, det ekte, det lokale. Passar laboratoriekjøt inn?

– Me ser at jo meir industrialisert kjøtindustrien blir, desto større blir behovet for det autentiske. I det ligg implisitt at ein vil reetablera samanhengen mellom kjøt og dyr, seier Lykke.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Om laboratoriekjøt er med på styrka den samanhengen er heller usikkert. Men det treng ein kanskje ikkje, når død ikkje lenger er blant ingrediensane. For kva er det som skil kjøt frå grønnsak når kjøtet ikkje lenger er del av eit medvite dyr?

Uansett: Ei undersøking utført av Pew Research Center i 2014 viste at 80 prosent av amerikanarar ikkje var villige til å eta kjøt produsert i laboratorium. Men haldningane er i rask endring. Ei separat undersøking i 2016 slo fast at talet på uvillige nå hadde falle til 20 prosent – med 1/3 villige til å eta det nye kjøtproduktet regelmessig, medan 2/3 var villige til å testa det ut.

Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: Nordmenn et mindre kjøt

Store utfordringar, større ambisjonar

Sjølv om ein har bevist at det er teknologisk mogleg, skortar det ikkje på utfordringar framover. Det er til dømes svært energikrevande å gjera om cellekulturane frå storfe til muskelliknande strukturar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men Hampton Creek, med det nye namnet «Just», satsar likevel på å rulla ut sine første produkt i løpet av 2018. Innan fem år skal prisen vera lågare enn for tradisjonelle kjøtprodukt, håpar gründer Josh Tetrick. Men ambisjonane stoppar ikkje der.

– Målet er å laga dette så openbart overlegent at det ikkje finst ein einaste grunn til å velga den konvensjonelle varianten. I 2030 skal me vera verdas største kjøtprodusent, sa Tetrick til The Guardian i januar, under ein test av verdas første laboratorieproduserte gåselever.

Konkurrenten Memphis Meats er litt meir avventande. Dei ser føre seg kommersielt sal av sine produkt, som inkluderer storfe, kylling og and, først i 2021/2022. Det sa selskapet til Fox Business i fjor.

LES OGSÅ: Vil ete grønt – men smak er viktigast

Reint kjøt versus konvensjonelt kjøt

At kjøtindustrien ser på utviklinga som eit trugsmål er alt blitt tydeleg. Truleg i frykt for å mista marknadsandel har tre gigantar i kjøtindustrien – Tyson Foods, Cargill og PWC – investert store pengar i fleire av dei ovannemnde selskapa.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I februar kom oppfølgaren: Då blei det klart at «The U.S. Cattleman Association» har levert ein søknad til styresmaktene om å avgrensa bruken av ordet «beef» – storfekjøt – til «kyr som er fødd, oppvaksne og slakta på tradisjonelt vis». Kjøt kultivert i laboratorium vil altså, om organisasjonen får gjennomslag, ikkje kunne heitta nettopp det. Sjølv om det biologisk sett er kjøt.

Førebels er det altså tre ting som står i vegen: Teknologien er ikkje heilt i mål, produkta må bli konkurransedyktige på pris, og ein må overtyda ålmenta. Greiar ein likevel å løysa desse problema, kan Richard Branson få rett i sin spådom: Om 30 år kjem me ikkje lenger til å måtte slakta dyr for mat.

LES OGSÅ: Vegen til vegetar