Boaty McBoatface klar for ekspedisjon

Undervatnsbåten Boaty McBoatface kan dykke ned til 6000 meter og måle endringar i havstraumar som følgje av klimaendringar. Foto: NOC
Undervatnsbåten Boaty McBoatface kan dykke ned til 6000 meter og måle endringar i havstraumar som følgje av klimaendringar. Foto: NOC
Artikkelen fortsetter under annonsen

Undervatnsbåten skal studere klimaendringar i havdjupet utanfor Sørpolen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Boaty McBoatface, ein gul ubåt, er klar til sin fyrste ekspedisjon, melder National Oceanography Centre (NOC) på sine nettsider.

Boaty er ein del av ekspedisjonen kalla DynOPO (Dynamics of the Orkney Passage Outflow), leia av forskingsskipet James Clark Ross. Avreisa mot Sørpolen er frå Punta Arenas i Chile den 17. mars.

Les også: Forsvarsministeren har valgt ny ubåt-leverandør

Namnekonkurranse

Det litt uvanlege namnet til undervatnsfartøyet kjem frå ein namnekonkurranse som ikkje gjekk heilt som planlagt. I fjor utlyste det britiske Natural Environment Research Council (NERC) ein konkurranse for å gi namn til eitt av dei nye forskinsgskipa sine.

Emneknaggen med forslaget #BoatyMcBoatface tok Twitter med storm, men NERC valgte i staden å gi båten namnet RRS Sir David Attenborough.

Det humoristiske namnet vart istaden gitt til den vesle, gule undervatnsbåten som no skal ut på ekspedisjon. Boaty skal dykke ned til 3500 meter ved spissen av det antarktiske kontinentet, og skal bidra til å kartlegge korleis klimaendringane påverkar havområda ved Sørpolen.

Les også: Dykker fant forsvunnet ubåt etter 74 år

Ifølgje BBC har NERC og NOC allereie starta den populærvitskaplege formidlinga av prosjektet:

Foto: NERC/NOC. Frå BBC
Foto: NERC/NOC. Frå BBC

Les også: Nesten 100 år gammelt ubåtvrak funnet i Nordsjøen

Saken ble opprinnelig publisert på Fremtida.no.