Slik skal vi stoppe kunstig intelligens frå å overta verda

Ekspertane er einige om at samarbeid, tillit og transparens er viktige føresetnader for framtida innan AI.
Ekspertane er einige om at samarbeid, tillit og transparens er viktige føresetnader for framtida innan AI.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Elon Musk og Stephen Hawking har signert dokumentet som skal redde oss frå fiendtlege robotar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skal vi tru Hollywood er det berre eit tidsspørsmål før kunstig intelligente robotar gjer eit forsøk på å ta over verda. Skynet, H.A.L.9000 og dei tvetydige vertane i Westworld er tydelege eksempel på kor gale det kan gå.

No har ei gruppe ekspertar laga ei liste med 23 retningslinjer for alle som arbeider med utvikling av kunstig intelligens (AI), melder ScienceAlert. Retningslinjene inkluderer forskingsspørsmål, etikk og verdiar, og er relevante for styresmakter, i krigføring og for enkeltpersonar.

Tesla-sjef Elon Musk og nobelprisvinnar Stephen Hawking er blant dei over 2500 personane som har signert initiativet.

Framtida for AI

Målet er at utviklinga innan kunstig intelligens kjem til nytte for samfunnet. Prinsippa har fått namnet Asilomar AI Principles.

Deltakarane på konferansen Beneficial AI 2017 står bak prinsippa, oppkalla etter stranda der konferansen vart arrangert. Gjennom debattar og diskusjon kom deltakarane til slutt fram til 23 prinsipp. Berre dersom 90 prosent av deltakarane var einige, vart kvart av punkta inkludert på den endelege lista.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ekspertane er einige om at samarbeid, tillit og transparens er viktige føresetnader for framtida innan AI. Dei førebur seg også på korleis handtere eventuelle skadar eller ulykker der AI er involvert.

Privatliv og krig

Gruppa trekk fram retten til privatliv og konstaterer at kvar person har rett til å få tilgang til data om seg sjølv. AI-teknologien bør vere til nytte, både sosialt og økonomisk, for så mange som mogleg, skriv dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forskarar og militære utviklara bør unngå at det utviklar seg eit våpenkappløp for døydelege kunstige intelligensar.

Retningslinjene er tenkt å vare i fleire tiår, så ekspertane har prøvd å tenke framover. Dei har då konkludert med at AI-ar som forbetrar eller lagar kopiar av seg sjølv må underleggjast strenge kontrollar og sikkerheitsrutinar.

Ekspertane avsluttar med oppfordringa om at superintelligente maskiner berre må lagast som eit gode for heile menneskeheita, og ikkje til gode for berre ein stat eller organisasjon.

Denne saken ble først publisert på Framtida.no

Her kan du lese dei 23 prinsippa

Les også: Denne roboten lærer seg sjølv å gå

Denne saken ble først publisert på Framtida.no