– Sonja kjem til å bli hugsa som ei av dei største norske dronningane

– Dronning Sonja er den første norskfødde dronninga sidan Margrethe Skulesdotter, som døydde i 1270, fortel dronningforskar Henriette Hoel.
– Dronning Sonja er den første norskfødde dronninga sidan Margrethe Skulesdotter, som døydde i 1270, fortel dronningforskar Henriette Hoel. Foto: Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dronningane har hatt ei mykje større historisk rolle enn det ein tidlegare har trudd, meiner dronninghistorikar Henriette Hoel.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Dronningane blei ofte berre forska på i samanheng med ekteskapa til kongane. Min påstand er at dei var mykje meir enn det, fortel dronningforskar Henriette Hoel, doktorgradsstipendiat i historie ved Universitetet i Bergen.

I forskinga si har ho funne at norske dronningar generelt har fått ei mindre rolle i historiefaget enn fortent.

– Eg går no gjennom alle kjeldene på nytt, og ser i tillegg på nye historiske kjelder. Fordi fagområdet er mannsdominert, og fordi dei fleste kjeldene er skrive av og om menn, har dronningane kome veldig i skuggen, meiner Hoel.

– Når eg fortel at eg forskar på dronningar, er det mange som trur at eg held på med kjønnsforsking. Det er synd at historiske kvinner ofte blir sett på som «spesiallitteratur» eller «kvinnehistorie», og ikkje som ein del av den generelle historia, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Nasjonalbiblioteket stiller ut skjønnheitstips frå fleire hundreår

Jomfru Maria som ideal

Henriette Hoel er doktorgradsstipendiat i historie ved Universitetet i Bergen og ein av få i Noreg som forskar på dronningar.
Henriette Hoel er doktorgradsstipendiat i historie ved Universitetet i Bergen og ein av få i Noreg som forskar på dronningar.

Ei av dronningane i prosjektet, er Eufemia. Ho var Norges dronning frå 1299 til 1312, og fekk mellom anna fleire riddarromanar omsett til norsk.

– Under vikingtida var det klare kjønnsroller, ofte definert som menn utanfor og kvinner innanfor dørstokken. Utover i perioden fekk kvinnene fleire «mannsoppgåver», som å dra ut på tokt. Når kristendomen kom, endra kvinnerolla seg, fortel Hoel.

Kvinnene – og særleg dronningane – fekk eit nytt ideal: Den kyske jomfru Maria.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Ekteskapet, kyrkjas store prosjekt, gav etter kvart dronningane større makt, mellom anna gjennom at kvinner skulle gje samtykke til ekteskapet. Og på grunn av kroninga og kyrkjas velsigning av ekteskapet mellom kongen og dronninga, fekk dronningane auka status.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I vikingtida hadde nemleg kongane fleire koner, der alle sønene kunne kalle seg kongssøner. Med innføringa av ein ny tronfølgelov under Håkon Håkonsson trong ikkje dronningane lenger å kjempe om sonen sin plass i arverekka. No skulle kongens ektefødde son arve trona.

Regjerte i kongens stad

Den spesielle historia om dronning Blanca er også noko Hoel er oppteken av – særleg i lys av kva forventningar ein hadde til dronninga på den tida.

Dronning Blanca (1320–1363) var gift med kong Magnus Eriksson og drog til Sverige for å få opplæring i å bli ei norsk dronning. Men då læremeistaren, overhoffmeisterinne Birgitta av Vadstena, meinte at ho hadde fått eit kall frå Gud, blei kongeparet forsøkt kasta. Birgitta hevda at Blanca og Magnus var ueigna på grunn av rykte om utroskap, homoseksualitet og forgifting. Dette førte til at Blanca trekte seg tilbake.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Birgiterordenen, grunnlagt av Birgitta, skapa eit skifte der dei påfølgande dronningene skreiv seg inn under denne ordenen. Resultatet blei ein nordisk dronningorden der idealet om den kyske dronninga stod sterkt, fortel Hoel.

Dronning Filippa skal ha vore ei særs vellykka dronning, trass i at ho ikkje tilfredsstilte kravet om å bli noko kongsmor.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Då kongen var på pilegrimsreise, fungerte Filippa som regent. Ho sette i gong mange reformar og klarte å dempe fleire konfliktar.

Etter at kongen kom tilbake, regjerte kongeparet i lag. Men den største makta ei dronning kunne få, var ved å bli enkedronning. Filippa klarte altså å bli ei vellykka dronning trass i at ho korkje var enkedronning eller føydde nokon kronprins.

Les også: Ærespris til Dronning Sonja

Optimistisk om monarkiet si framtid

Mette Marit måtte legge det gamle livet sitt bak seg for å bli kronprinsesse. Det måtte også prinsesser i tidlegare tider, forklarar dronningforskar Henriette Hoel. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen / Det kongelege hoffet
Mette Marit måtte legge det gamle livet sitt bak seg for å bli kronprinsesse. Det måtte også prinsesser i tidlegare tider, forklarar dronningforskar Henriette Hoel. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen / Det kongelege hoffet

Det som kjenneteiknar dronningane etter 1270, er at dei alle kom frå andre land.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Dei tok med seg språket sitt og kulturen sin og kom til eit nytt, kaldt land. Og dei var svært unge då dei gifta seg. På ein måte var det nok ganske likt korleis Mette-Marit har opplevd det, trur Hoel, då ho måtte legge det gamle livet sitt bak seg for å bli kronprinsesse.

– Mette-Marit er veldig oppteken av litteratur, akkurat som dei tidlegare dronningane. I tillegg har ho måtte funne ei ny tilnærming til dronningrolla, og skaffa seg nye nettverk.

Men også Sonja skil seg ut.

– Dronning Sonja er den første norskfødde dronninga sidan Margrethe Skulesdotter, som døydde i 1270. Det var også nytt at ho og kong Harald gifta seg av kjærleik. Eg trur Sonja kjem til å bli hugsa som ei av dei største norske dronningane, seier Hoel.

Når det gjeld framtida til det norske monarkiet, er Hoel optimistisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg trur Ingrid Alexandra – som blir den første regjerande dronninga i Norge – har fått svært god opplæring av Sonja. Ho har blitt kjend med folket og med landet sitt. Men det står att å sjå korleis kronprinsparet tar fatt på oppgåva.

Saken ble først publisert på framtida.no.

Les også:

Oppdaget ikonisk trapp ved dronningens barndomshjem

Dronning Sonja: – Det norske folk må oppdras

Dronning Sonja om spontanaborten: – Det var helt grusomt