Donald Trump snakkar som ein 12-åring

Dei fremste kandidatane til å bli den neste presidenten i USA bruker ord og grammatikk som om dei var skuleborn, viser ein ny studie.
Dei fremste kandidatane til å bli den neste presidenten i USA bruker ord og grammatikk som om dei var skuleborn, viser ein ny studie. Foto: AFP / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forskarar: Presidentkandidatane snakkar som om dei skulle vera skuleborn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei fremste kandidatane til å bli den neste presidenten i USA bruker ord og grammatikk som om dei var skuleborn, viser ein ny studie.

Forskarar ved Carnegie Mellon University i Pittsburgh har funne ut at kandidatane har eit ordforråd i talane sine som er typisk for barn i alderen 11 til 13 år.

Les også: Trump varsler opptøyer hvis han ikke blir presidentkandidat

Kandidatane har dessutan tatt i bruk eit stadig enklare språk i valkampen.

Blant presidentkandidatane som er igjen har Donald Trump det svakaste ordforrådet, tilsvarande det til ein 12-åring. Han er òg svakast i grammatikk – på nivå med ein 11-åring.

Ordforrådet til Bernie Sanders er på nivå med ein 15-åring, best blant kandidatane som igjen.

ARE KALVØ: President! Eg er rar på håret!

– Når me snakkar, så bruker me ofte kortare setningar med mindre struktur i språket, seier Maxine Eskenazi, som er ein av forskarane bak studien, i ei pressemelding.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ifølgje forskarane er det likevel ingen av kandidatane som kan måla seg med tidlegare president Abraham Lincoln. Republikanaren som gjorde slutt på slaveriet, utviste i Gettysburg-talen sin ein grammatikk på nivå med skuleungdom i 16-årsalderen.

USAs førre president George W. Bush som jamleg blei latterleggjort for språket sitt, hadde til samanlikning eit grammatikknivå på linje med ein 10-åring, konstaterer forskarane.

QUIZ: Kva veit du om amerikansk politikk?