Zelda la Grange er den kvite kvinna bak Mandela

Biletet frå bokomslaget er Zelda la Grange sitt favorittbilete saman med Nelson Mandela.
Biletet frå bokomslaget er Zelda la Grange sitt favorittbilete saman med Nelson Mandela. Foto: Halden Krog
Artikkelen fortsetter under annonsen

Først stemte ho for apartheid og såg på Nelson Mandela som ein terrorist. Så brukte ho 19 år av livet sitt som frigjeringshelten si høgre hand.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I lobbyen på Grand Hotel i Oslo sit Zelda la Grange – ei blond, sørafrikansk kvinne.

Ho har blitt kalla vaktbikkja til frigjeringshelten Nelson Mandela. No har boka hennar om åra saman med ikonet kome på norsk.

Det er ei forteljing om harde kampar og forsoning. Og ikkje minst er det ei historie full av utrulege reiser, kjende namn og intime møte med fredsprisvinnaren frå Sør-Afrika.

Test deg sjølv: Kva veit du om fredsprisen?

Ringte til Michael Jackson

Kvinna i lobbyen har ringt Michael Jackson og spurt om å få låne privatflyet hans. Ho har helst på kongen av Saudi-Arabia og overhøyrt Nelson Mandela kommentere vekta til dronning Elisabeth II av Storbritannia.

Ho har takka nei – og deretter ja – til middag med Brad Pitt, tatt heisen med Pierce Brosnan, og småprata med Bashar al-Assad og Muammar al-Gaddafi.

Og, ikkje minst, ho har passa på Mandelas lommebok på deira tallause turar verda rundt. Ei lommebok som alltid var tom, forutan visittkortet til Mandelas kone, Graça Machel.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Framtida.no møter Zelda la Grange i Oslo i samband med boklanseringa. Foto: Tora Hope
Framtida.no møter Zelda la Grange i Oslo i samband med boklanseringa. Foto: Tora Hope

– Ja, det er bisart å tenkje på, ler la Grange, eller Zeldina, som Mandela kalla henne.

Berre slump gjer at ho er i Noreg akkurat i det vinnaren av Nobels fredspris vert gjort kjent.

For litt over tjue år sidan fekk Mandela fredsprisen saman med den siste apartheid-presidenten, Frederik Willem le Klerk. Om lag samstundes byrja la Grange å jobbe for Nelson Mandela.

For Zeldina byrja det heile med frykt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Ekspertar: Overraskande, men ukontroversiell fredspris

«Vi er i trøbbel»

La Grange vaks opp i ein kvit middelklassefamilie i eit Sør-Afrika styrt av apartheidregimet. I boka God morgen, herr Mandela skildrar ho korleis kvite sørafrikanar levde i ei boble, og fortel at ho som ung var uvitande og uinteressert i korleis majoriteten av folket i landet hadde det.

Då det var kjent at Mandela og andre politiske fangar skulle sleppe fri etter fleire tiår bak lås og slå, var farens konklusjon:

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vi er i trøbbel.

Mandela var eit skremmande symbol for familien.

– Mandela personifiserte trøbbel for oss. Han var fienden, fortel la Grange.

– I våre augo ville den normale reaksjonen på det han hadde opplevd, vere å ta hemn. Den gongen frykta vi han, fordi vi byrja å forstå kva vi hadde gjort og på grunn av presset frå verda utanfor. Han kunne ha erklært krig. Så gjorde han det motsette og vart ein verdshelt.

I 1997 vart 27 år gamle la Grange tilsett som ein av Mandelas tre privatsekretærar. President Mandela gjekk inn for at dei ulike gruppene i Sør-Afrika skulle vere representerte i staben.

– Han trengte nokon som symboliserte retninga han ville bevege landet i. Her var til og med vi frå den kvite minoriteten velkomne, så lenge vi støtta det nye demokratiet og dei nye ideala i Sør-Afrika.

Artikkelen fortsetter under annonsen

At ei kvit boer-kvinne skulle vere del av den nyvalde presidentens næraste stab, var for mange kontroversielt. Sjølv var la Grange først ikkje klar over rolla Mandela tildelte henne.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I byrjinga var eg veldig naiv. For meg handla det berre om å gjere jobben min, og eg hadde ingen agenda. Då eg innsåg at eg var del av ein strategi, måtte eg ta eit val og valde å ta imot privilegia det førte med seg å jobbe saman med nokon som han.

På kjøpet kom byrda ved å vere ein offentleg figur som vart konfrontert med at folket hennar hadde satt Mandela i fengsel.

Fleire gongar kjem ho tilbake til skuldkjensla etter aparheid. Ho seier det slik:

– Eg valde å gripe moglegheita til å tene Mandela og, på eit vis, betale tilbake for det mitt folk hadde gjort mot han. Eg kjende meg forplikta til å det på grunn av historia.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mandela vart av nokre kritisert for valet om å samarbeide med dei kvite sørafrikanarane. La Grange trur symbolikken hadde ein verdi.

– Mange såg det gode i at det er mogleg for tidlegare fiendar å samarbeide. Det syner at fred er mogleg.

Les også: Nelson Mandela: – Utdanning er det viktigaste våpenet

Hud som ein flodhest

Etter at han gjekk av som president, følgde la Grange Mandela vidare i The Nelson Mandela Foundation, og seinare som hans personlege assistent.

Snart spelte ho rolla som ein vegg mellom dei uendelege straumane av folk som ville ha ein bit av Mandela, og ikonet sjølv, som aller helst ville gjere alle til lags.

– I ein slik jobb vert du ikkje den mest populære personen. Når eg no ser tilbake innser eg at det berre var ein jobb. Nokon betalar deg å vere den personen som held disiplin. Men lenge var det vanskeleg, særleg då eg var ung og sårbar. Eg måtte ofte minne meg sjølv på at eg måtte beskytte Mandela. Trua på at han elles ville lide, gjorde det lettare, men det var ei emosjonell berg- og dalbane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– På eit tidspunkt innsåg du at du følte deg emosjonelt umoden, fordi du byrja så tidleg og brukte så mange år i teneste for Mandela. Du hadde knapt tid til vener og familie. Vurderte du nokon gong å slutte?

– Ja, kvar einaste dag, kjem det kontant.

La Grange ler kort.

– Kvar kveld la eg meg med store planar om å sei opp neste dag. Men då eg møtte Mandela neste morgon ombestemte eg meg, kvar gong. Han gjorde det verdt det, uansett kor krevjande omstendene var.

Ho utdjupar:

– På den tida då det var så travelt at det var som å vere i ein tørketrommel, så levde eg berre. Eg sat meg ikkje ned og tenkte over at eg blei 36, 38, 40 år, at eg kanskje hadde mista moglegheita til å få born, til å ha ein familie. Eg kan framleis få meg ein familie om eg vil, men eg vil aldri bytte vekk det privilegiet eg fekk ved å jobbe for Mandela. Korleis kan eg nokosinne tenkje på det som eit offer?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Store problem med korrupsjon

I vinter nådde la Grange norske nettaviser, då ho fyrte laus mot sitjande president i Sør-Afrika Jacob Zuma, på Twitter.

Ho kritiserte han for å stadig gå laus på kvite sørafrikanarar, og klandre dei for landets problem.

Vi har gjort store framsteg i Sør-Afrika, men ikkje store eller raske nok. Framleis er det mange som manglar tilgang til rennande vatn, helsetenester og elektrisitet. Det er 21 år sidan vi fekk demokrati her i landet, men det er framleis berre ei lita gruppe som haustar fruktene. Det er uakseptabelt, meiner la Grange.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Kritikken min mot Zuma handlar om at ein ikkje kan skulde alt det som skjer no på det som skjedde for 21 år sidan. Apartheid var forferdeleg og eg tek sterk avstand frå det som skjedde, men vi må ta ansvar for det som skjer i dag. Og det er korrupsjon som går utover dei fattigaste.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den nybakte forfattaren meiner den politiske debatten om raser i Sør-Afrika er på villspor.

– Dei første tiåra etter apartheid var det lettare å snakke om rase, men på eit overflatisk plan. No påverkar frustrasjon blant folk rasedebatten og rase har blitt veldig sensitivt på nytt. Dette er noko ein må snakke opent og ærleg om, med fornuft og sensitivitet. Svært få er viljuge til det, og det er verkeleg eit problem. Å legge skuld på nokon berre grunna hudfarge, er nonsens, seier ho.

Arven etter Mandela

Når la Grange gjer sitt norgesbesøk, står Noreg og Europa i ein presserande flyktningsituasjon. Zeldina har følgt Mandela til mange møter med kjende figurar, også svært upopulære statsoverhovud. I boka skildrar ho til dømes Libya-leiar Gaddafi som ein hyggeleg type privat. I ettertid vart han ettersøkt som krigsforbrytar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mandela sa ofte at om du vil skape fred med fienden, så må du jobbe saman med fienden. Ein må gå tilbake og sjå om nok vert gjort der problema byrjar, meiner la Grange om flyktningkrisa.

– Sjølv om ein ikkje må underkjenne kompleksiteten knytt til å integrere folk, så vil eg oppmode til å jobbe saman og involvere desse menneska i samfunnet. Våre flykta sjølv til land som England, og historia har lært oss at flyktningar kan bli leiarar i samfunnet om nokre år.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Kva ønskjer du at arven etter Mandela skal vere?

Mandela levde utanfor samfunnet i 27 år. Likevel kom han ut av fengselet og bestemte seg for å omfamne fienden. Han innsåg at fred var den einaste vegen framover. Kan du førestille deg korleis det hadde vore om kvar einaste person på jorda tok til seg den lærdomen? Berre den enkle lærdomen. For oss kan det verke overmenneskeleg, men nei. Mandela var eit menneske og han klarte det.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv om rase framleis er eit betent tema i Sør-Afrika har landet kome ein lang veg sidan apartheid.

Ei krevjande lekse

Sjølv visste eg heilt ikkje kva eg skulle vente då eg gjekk inn i lobbyen på Grand for å møte sekretæren til Nelson Mandela. Litt frykta at eg skulle møte vaktbikkja med flodhesthud.

I staden møtte eg ei venleg og imøtekomande la Grange. Ho fortel at enka etter Mandela, Machel, har det bra. Ho er svært travel, sjølv om ho neste veke fyller 70 år.

La Grange forsikrar meg også om at det faktisk var eit høgdepunkt i karriera den gongen ho besøkte Tromsø saman med Mandela. Det er ikkje noko ho seier berre fordi ho er i Noreg, seier ho, og minnast korleis alle feira sommaren sjølv om det berre var 11 grader ute og kor magisk det var då dei flaug derifrå, inn i midnattsola.

Nelson Mandela gjekk bort i 2013, etter fleire års sjukdom. Ifølgje la Grange var dei siste åra av hans liv prega av konflikt mellom dei ulike menneska som ville ha ein del av han. Sjølv kjende ho seg dytta vekk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Var det vanskeleg å følgje Mandelas filosofi om forsoning dei siste åra i hans liv?

– Veldig. Det seiest at leksa vert verande til den er lært. Eg måtte gå gjennom dette for å lære. Dei siste tre åra var det veldig vanskeleg å omfamne tilgjeving, men å skrive boka var ein del av denne prosessen. No ser eg tilbake utan nag. Til sist sit eg att med mine gode minner om tida med Mandela, seier ho.

– Har du noko råd til ungdom som vil endre noko?

– Mitt råd er å ri bølgjene i livet. La ting skje med deg, og handter det med verdigheit. Det er ingen grunn til å ta på veg for dei små tinga som går feil. Gjer feila dine, og kom deg vidare. Som Mandela bruka å seie: det er dei som gjer livet interessant.