Meny

– Politikk er ikkje berre menn i dress

KVINNEKAMP: 25 år gamle Ina Rangønes Libak er uroa over kvinneunderskotet i politikken. Ho meiner ein må støtte opp om, leggje til rette for og kvotere inn kvinner.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

AP-politiker Ina Rangønes Libak er lei av at politikken vert dårlegare på grunn av gubbeveldet som rår.

– Eg trur politikken vert dårlegare av at kvinner er så dårleg representert, fordi det er mange perspektiv som vert borte, seier Ina Rangønes Libak (25) som står på tredjeplass på Akershus Arbeidarparti si liste til fylkestingsvalet.

LES OGSÅ: – Truleg få kvinner i kommunestyret etter valet

Kvinnekampanje

Førre veke lanserte Kvinneguiden i samarbeid med Sanitetskvinnene kampanjen #kvinnerinn, for å setje fokus på kvinneunderskotet i norsk politikk. Oppmodinga er klår: Kryss kvinner inn ved lokalvalet 14. september.

Fleire kvinnelege politikarar og rollemodellar er ei sak Rangønes Libak brenn intenst for. I hennar eige parti har dei løyst likestillingsproblemet med ei nominasjonsliste med annakvar mannleg og kvinneleg kandidat.

To plassar over ho står Tonje Brenna (27) som fylkesordførarkandidat. Ho er dermed ein av dei 773 kvinnelege listetoppane ved årets val. Dei resterande 1748 er menn – gjerne i 40-50-åra.

Likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik uttala tidlegare i år at den ujamne kjønnsfordelinga i toppen er «flaut for norsk politikk og flaut for norsk likestilling».

Arbeidarpartiet har 33 prosent kvinner på topp, slått av SV og Miljøpartiet Dei Grøne som har ein kvinnedel på 40 prosent.

På jumboplassen kjem Framstegspartiet med ein kvinnedel på 20 prosent.

LES OGSÅ: Likestilling i sneglefart

Grumsenett

Den ujamne kjønnsbalansen i norsk politikk får Rangønes Libak til å lene seg framover i stolen og snakka fortare.

– Eg blir sint fordi me lever i 2015 og dette framleis er situasjonen. Me treng framleis desse kampanjane, fordi når «Kryss kvinner inn»-kampanjen kom dukka det opp mykje grums med ein gang, som at: «No skal middelmådige kvinner kome inn i kommunestyra framfor dei flinke mennene».

Ho trur at slike haldningar kan føra til at nokre kvinner kvir seg for å stille til val. Då ho tvitra om kvinner inn merka ho at slike synspunkt lever i beste velgåande:

Jeg skal krysse #kvinner inn fordi man får de beste politikerne når man velger fra hele befolkningen.

– Det var ein mann som skreiv tilbake at ho blir nok ikkje nok glad for at du berre skal stemme på ho fordi ho er kvinne. Berre det å gå ut ifrå at eg skal stemme på ei dame berre på grunn av kjønnet og ikkje kvalifikasjonane, det hadde aldri skjedd med ein mann, seier Libak.

At nokon har desse meiningane i 2015 gjer 25-åringen både trist og sint – men òg motivert til å gjera noko med det. Ho vonar at andre parti kan la seg inspirere av deira liste og at snøballen vil halde fram å rulle.

LES OGSÅ: Kvinner er også ute av toppane i ungdomspartia

Representativt demokrati

Ap-politikar som sjølv har fått ei sikker plassering på nominasjonslista har tenkt mykje på kvifor situasjonen i Noreg anno 2015 er at berre 22 prosent av ordførarane er kvinner og at heile seks av ti kandidatar som har sikker plass på haustens lister er menn.

– Mange brukar argumentet om at me må ha dei flinkaste folka, men når det er snakk om demokrati så er det snakk om representasjon. Om ein skulle hatt dei flinkaste folka så burde alle i kommunestyra hatt doktorgrad. Sidan det er snakk om representasjon så burde vertfall kvinner vere representert, sidan dei utgjer halvparten av befolkninga, seier Libak, som heller ikkje er overbevist om at menn i 50-åra alltid er dei flinkaste.

– Eg trur heller det er slik at når det er menn som styrer, så ser ein for seg at ein politikar – det er ein mann i dress, seier Libak, som meiner dette er eit alvorleg problem som kan føra til at ikkje alle føler at dei vert representert.

LES OGSÅ: Kritisk til at kvinner ikkje slepp til som toppleiarar

KAMPANJE: Kvinneguiden og Sanitetskvinnene har fått med seg illustratør Jenny Jordahl på kampanjelaget. Foto: Illustrasjon: Jenny Jordahl

Hard kvinnerolle

25-åringen, som vart valt inn i kommunestyret på Averøy allereie som 17-åring, vonar ho kan vere med å endre den inngrodde politikarmyta.

Gjennom sin politiske karriere i fleire kommunestyre har Libak sett at det er hardarde å vere kvinneleg politikar, fordi ein må prestere og meistre på fleire område. Ho meiner at menn i større grad kan kome unna med litt slurv om dei til dømes er veldig morosame og flinke på talarstolen.

– Er du kvinne er det ikkje slik. Er du flink på talarstolen, men slurvar litt, så er du lat. Om du er veldig flink og hardtarbeidande og ikkje mykje på talarstolen så er du ikkje god retorisk. Kvinner må vere flinke på alle område. Menn slepp unna med mykje meir. Det er eit mykje strengare snevrare bilete av å vere kvinneleg politikar, sikkert sidan det er færre som er det, trur Libak.

Sjølv kan ho merke at ho somme tider får meir merksemd for utanom-politiske ting, til kommentarar som: «Så fin du var på talarstolen.»

LES OGSÅ: Ap vil kvotere inn kvinner som sjefar

Kjønn framfor politikk

Ho meiner òg at media spelar ei viktig rolle gjennom kven dei slepp fram til mikrofonen. Det er nemleg slik at synlege politikarar har lettare for å få stemmer.

Kva spørsmål som vert stilt er ikkje uvesentleg.

– Når det er ein mann stiller på Stortinget får han ikkje spørsmålet: «Korleis har du tid til å sitta på Stortinget når du har born?» Medan kvinner vert spurt om dette heile tida. Som kvinne i politikken må du finne deg i mange fleire personlege spørsmål enn det menn får. Det kan vere eit problem at folk ser kjønnet og ikkje politikken, meiner Libak.

Sjølv er ho ikkje i tvil om at kvotering er eit naudsynt verkemiddel for å løfte fram kvinner i politikken. Dette vil på sikt gje fleire kvinnelege rollemodellar, som gjer terskelen lågare for andre kvinner.

LES OGSÅ: Google kan avgjera valet

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus