Meny

Tilset ikkje homofil prest

Møre Bispedømme vil ikkje tilsetja prestar i likekjønna ekteskap. Det kan dei og nekta, med heimel i lova. Biletet er av Jelsa Kyrkje i Suldal, og er kun nytta som illustrasjon. Foto: Toyni Tobekk/Flickr CC-lisens

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Møre Bispedømme vil ikkje tilsetja sokneprest i homofilt partnerskap. Eit dilemma, men lovleg, seier Likestillingsombodet.

Etter at den førre soknepresteni Østra sa opp jobben sin tidlegare i år, leiter Møre Bispedømmeråd etter ein erstattar.

I den opphavlege stillingsutlysinga vart det spesifisert særlege krav til den som vart tilsett ikke levde i sambuarskap, homofilt partnerskap eller likekjønna ekteskap, ifølgje Møre-Nytt.

Les også: Legar seier opp fordi dei ikkje får reservera seg mot å setja inn spiral

Ein glipp

Ifølgje Alice Elnes, personalsjef i Møre Bispedøme, var bruken av formuleringa i stillingsannonsen ein glipp.

– Poenget er at den versjonen som sto i stillingsutlysninga først har blitt brukt fram til i fjor haust, då vedtok me å endra ordlyden, men viser til same paragraf. Det var fordi stillingsannonsane våre vart veldig lange, og me ville korta dei ned, seier Elnes.

Vedtaket dei gjorde, var dette:

«I kunngjeringar av ledige preste- og prostestillingar i Møre bispedøme blir det teke inn ei slik formulering i utlysingstekstane:

Med heimel i Arbeidsmiljølova §13.4.2 blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagt»

Les også: – Kyrkja var nok meir tidsriktig før

– Trur ikkje dei ville tilsett nokon i likekjønna ekteskap

Ønsket frå Møre bispedømme om å ikkje tilsetja nokon i sambuarskap eller likekjønna ekteskap er likevel uendra.

– Me har ikkje noko forbod mot homofile, aller er velkomne til å søka. Men slik Bispedømmerådet er samansett i dag trur eg ikkje dei ville tilsett nokon i homofilt partnarskap eller likekjønna ekteskap. Kort fortalt er kyrkja si teologiske grunngjeving for dette at ekteskapet er for mann og kvinne, seier Elnes.

Ho reknar med dette vil bli eit tema under valet av nytt sokneråd og bispedømeråd til hausten.

– Men då håpar me at folk og er opptekne av andre ting, som menigheitsbygging, trusopplæring og salmesong, seier Elnes.

Trude Evenshaug, kommunikasjonsdirektør i Kyrkjerådet, skriv i ein e-post til Framtida.no at dei ikkje kjenner saka og difor ikkje vil kommentera ho.  Ho legg til at formuleringa som blir nytta i stillingsannonsen – at opplysingar om samlivsform kan bli henta inn og vektlagt – er i tråd med lovverket, og at det ikkje er uvanleg at den formuleringa blir nytta ved tilsetjingar i kyrkja.

Les også: «Homo-liste» i alle bispedøme

Lovleg diskriminering

– I utgangspunktet er krav om å kjenna sambuarskap ikkje omfatta av vernet, men om kravet gjeld spesielt for homofile er det diskriminerande. Sidan likekjønna ekteskap vart nevnt, er dette eit spørsmål om diskriminering, seier Margrethe Søbstad, seniorrådgjevar i Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO).

Situasjonen er likevel ikkje så enkel.

– Men dette er eit trussamfunn – då kan det vera tillaten diskriminering om det er religiøst grunna. I så fall må den konkrete stillinga ha ein religiøs funksjon. Ein stilling som vaktmeister vil ikkje bli dekka, men sidan dette er ein sokneprest har det jo religiøs funksjon. I så fall vil det vera lovleg, forklarar Søbstad.

Det er med andre ord ikkje brot på lovverket å ikkje tilsetja prestar som er i homofilt partnarskap eller likekjønna ekteskap, så lenge det er ei religiøs grunngjeving for det. At Møre Bispedømmeråd ser på ekteskapet som noko mellom mann og kvinne av religiøse grunnar, gjer det difor lovleg.

– Kva er Likestillings- og diskrimineringsombodet sitt syn på dette?

– No har me ikkje vurdert akkurat denne saka juridisk, men retten til trusfridom og retten til å ikkje bli diskriminert er begge menneskjerettar. Så dette blir ei avveging mellom dei to rettane. Slik må det bli når dei står imot kvarandre. Men ombodet er glad for at det ikkje er noko yrkesforbod mot homofile prestar, og at det finst andre bispedøme der ein kan få jobb, seier Søbstad.

Les også: Melder seg ut av Presteforeningen i protest

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus