Ungdommen usamde om Isaksens kristendomsforslag

KRLE: Torbjørn Røe Isaksen (H) sitt forslag om religionsundervisning i skulen får både støtte og motbør. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix)
KRLE: Torbjørn Røe Isaksen (H) sitt forslag om religionsundervisning i skulen får både støtte og motbør. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Endringane i RLE-faget er ei gladsak for KrFU, medan Elevorganisasjonen er kritiske. Kunnskapsministeren la fram forslaga til endringar i dag, før dei blir sendt på høyring.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Regjeringa la fram forslag om å endra namn på religionsfaget til KRLE (Kristendom, religion, etikk og livssyn), og å ha eit fast mål på at kristendom skulle stå for 55 prosent av undervisinga. K-en får bli, men kravet om kristendelen har blitt omformulert til «om lag halvparten».

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) understrekar at det ikkje vil bli gjort fleire endringar i faget no, ifølgje NTB.

– Me ønskjer at det skal vera litt større rom for kristendom og kristendomskunnskap enn me har i dag. Det er viktig for å forstå det norske samfunnet, kulturen vår, den litterære arven vår og det politiske systemet vårt, sa Røe Isaksen på pressekonferansen i dag.

KrFU-leiaren Emil André Erstad kallar det ei gladsak, medan leiar for Elevorganisasjonen, Benjamin Myrstad, er skuffa, skriv Framtida.no.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: KRLE-fag kan bryta med menneskerettane.

Inn i pedagogikken

I tillegg til at K-en kjem inn i fagnamnet og kristendomsandelen vart endra, har KrF fått gjennomslag for at religion, etikk og livssyn skal verta ein del av pedagogikkfaget som lærarane skal gjennom. Denne endringa trer i kraft i 2017, noko Erstad ser på som ein siger.

– At alle skal få den grunnleggande religionsforståinga, det er den største sigeren i dag – nemleg fordi me bur i eit pluralistisk, multireligiøst samfunn som krevjer kompetanse frå lærarane som møter elevar med ulike livssyn, seier Erstad, og gir skryt til moderpartiet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Benjamin Myrstad tykkjer derimot ikkje at RLE i pedagogikken er eit steg i rett retning.

– Det å putta religion inn i lærarutdanninga er nok og feil veg å gå, me har fått fleire tilbakemeldingar frå lærarar og elevar som tykkjer det er unødvendig. Det bør heller fokuserast på fagdidaktikk og pedagogikk, i staden for poeng i kristendom, seier Myrstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Benjamin Myrstad. (Foto: EO)Benjamin Myrstad. (Foto: EO)

– Eg er ueinig med EO om dei meiner det er eit steg i feil retning, svarar Erstad på dette.

– Eg meiner grunnleggande kunnskap om religion og livssyn bør vera ein sjølvfølgje i eit samfunn som kan komma til å ha meir motsetningar i tida som kjem framover.

LES OGSÅ: – Kan forandra det politiske landskapet

For mykje kristendom?

Benjamin Myrstad er kritisk til endringane, og meiner det virkar unødig å ha eit så stort fokus på kristendom.

– Det er ikkje greitt å bruka halvparten av tida på 12 av 54 læreplanmål. Då seier det seg sjølv at resten av måla ikkje vil bli like god gjennomgått. Det er noko elevane vil ha – større spreiing, og meir etikk og filosofi, seier Myrstad.

Erstad meiner kritikken mot den store andelen av kristendom er malplassert.

– Eg er ikkje i politikken for å favorisera kristendom, men for å gjera samfunnet best mogleg. Difor tenkjer eg, med fleire, at religionspolitikken skal vera representativ. Difor kan ikkje hinduisme vera like stort som kristendom, det blir malplassert i vårt samfunn, seier Erstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: KrFU vil ta i mot 5000 ekstra flyktningar.

Slepp stoppeklokka

Ein ting er både Myrstad og Erstad einige i. Det er godt å sleppa det fastsette målet om 55 prosent kristendom i undervisinga.

– Det er bra me går vekk frå stoppeklokkementaliteten, at det skal vera 55 prosent. Me skal ikkje detaljregulera – lærarane skal styra sine klassar, seier Erstad frå KrFU.

– No blir mykje opp til kvar enkelt lærar. At Kunnskapsdepartementet skal detaljstyra kor mykje tid dei brukar på kvart mål blir for dumt. No let me lærarane styra sjølv, seier Myrstad frå Elevorganisasjonen.

LES OGSÅ: Slik påverkar Statsbudsjettet skulane