KrFU vil ta i mot 5000 ekstra flyktningar

Emil André Erstad blei attvald som leiar på landsmøtet til KrFU no i helga. Foto: Foto: Simon Molvær Grimstad/KrFU
Emil André Erstad blei attvald som leiar på landsmøtet til KrFU no i helga. Foto: Foto: Simon Molvær Grimstad/KrFU
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Ein av dei viktigaste prioriteringane våre for statsbudsjettet, seier KrFU-leiar Emil Andre Erstad.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den verste flyktningsituasjonen sidan andre verdskrig utspelar seg i Syria og Irak. FNs høgkommissær for flyktningar har no registrert over tre millionar flyktningar frå Syria, noko som fører til enorme flyktningstrøymar i nabolanda.

600.000 menneske er drivne på flukt i Irak den siste månaden. Dermed er 1,8 millionar menneske fordrivne i Irak hittil i år. Det var allereie kring to millionar internt fordrivne i landet ved inngangen til 2014. Dei har òg teke imot over 200.000 flyktningar frå Syria.

– Eg opplever ikkje at stortingspolitikarane tar innover seg den alvorlege situasjonen i Midt-Austen, med naud som òg skaper grobotn for IS og meir ekstremisme, seier KrFU-leiar Emil André Erstad til Framtida.no.

Han understrekar at dei aller fleste kan – og bør – hjelpast i nærområda, men held fast at det er eit stort behov for at vestlege land som Noreg gjev vern til fleire – ein bodskap som blir understreka av Syrias naboland og UNCHR.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Viss ikkje me har råd og kapasitet, kven har det då? spør Erstad.

Les også: Opprørt over Syria-nei

Sverige har tatt imot over 20.000

«Medan Sverige så langt har opna grensene for meir enn 20.000 syriske flyktningar, har Noreg berre gjeve vern til 1000. KrFU krev dugnad på Stortinget for å ta imot 5000 ekstra flyktningar», heiter det i ein resolusjon frå landsmøtet til KrFU.

KrFU meiner Noreg bør ta imot flyktningane som ikkje kan hjelpast eller får tilfredsstillande vern i nærområda til Syria og Irak.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ungdomspartiet meiner regjeringa bør ta imot 5000 flyktningar frå krigsområda i Syria og Irak, i tillegg til den regulære kvoten med overføringsflyktningar.

Frå før har SV, AUF, Senterungdommen, Grøn Ungdom og leiaren i Unge Venstre gått inn for det same.

Les også: Gabrielle: - Lett å ha skylappar på

– Bør gjera som under Balkan-krigane

KrFU meiner regjeringa snarast bør få opp farten på arbeidet med å utbetra kapasiteten til norske kommunar til å ta imot fleire flyktningar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

KrFU ber om at regjeringa vurderer å ta i bruk unntaksreglane i utlendingslova, som seier at i situasjonar med masseflukt – som i Syria og Irak – opnar for at fleire kan få kollektiv, mellombels opphald i Noreg i inntil tre år.

Dette blei gjort både i 1992 då 13.000 bosniarar fekk kollektiv, mellombels vern. Og i 1999 då 8000 Kosovo-flyktningar fekk kollektiv, mellombels vern.

– Mykje av det som skjedde på Balkan liknar det som no skjer i Syria: Det er ein langvarig og brutal konflikt, sivile vert drepne av skarpskyttarar, kvinner og barn vert valdtekne av soldatar og terroristar og andre som tar seg til rette i lovlause tilstandar, matmangelen er prekær og langt over halvparten av innbyggjarane – dei som er uskuldige og makteslause – har måtte leggje på flukt, sa KrFU-leiar Emil Andre Erstad i talen sin til landsmøtet.

Les også: Kva er eigentleg IS?