Kven eig denne sjølvien?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein spesiell debatt nærma seg faktisk rettsalen. Om ei ape tek ein sjølvi – kven eig då biletet?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er ikkje eit filosofisk spørsmål på høgde med «om eit tre fell i skogen» og så bortetter. Ein naturfotograf, han heiter David Slater, har komme i krangel med Wikipedia om kven som eig biletet du ser øvst. Er det han, som eig kameraet, eller apa som trykka på knappen. Fotografiet vart tatt i 2011, då Slater var på jakt etter det perfekte biletet av makaker. Ein av apene stal kameraet, og tok fleire bilete av typen du ser over.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda

Ifølgje Wikipedia var det ingen som eigde biletet – då det ikkje var eit menneskje som sto bak biletet.

Skjermdump

Det irriterte Slater kraftig – og han ville gå til sak, og Wikipedia nekta lenge å fjerna biletet.

Du kan lesa meir hos The Telegraph.

LES OGSÅ: Det heiter ikkje selfie – no lenger.

Den rette eigar

No kan det sjå ut til at Wikipedia har gitt opp. Då me sjekka nettsida for å finna biletet av apa, såg me denne meldinga:

This media file has been nominated for deletion since 6 august 2014.

Reason for the nomination: This photograph is copyright to David Slater.

Foto: Skjermdump frå Wikipedia

Uansett er dette ein av dei vittigaste – og mest filosofiske – kranglane i seinare tid.

LES OGSÅ: Slik får du ein nynorsk Øyafestival