Meny

Her blir kjempekrana «Goliat» sprengt i filler

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Den gamle kjempekranen måtte til slutt gi opp. Goliat blei sprengt fredag morgon.

Rett før klokka 06.30 fredag morgon lydde sirenene på Kværner Stord, og minuttar seinare kom smellet. Først knakk det eine beinet saman, før kranbrua ramla ned, og til slutt la restane av det siste beinet seg ned.

Mellom 50 og 60 kilo C4 plastisk sprengstoff var plassert på nøye utvalde stader på den 150 meter breie og 74 meter høge krana.

– Me er veldig nøgde med at han la seg ned, slik som planlagd. Sjølv om det blei ein strafferunde, seier Jarle Bøckman, prosjektleiar i AF Decom – selskapet som har hatt oppdraget med å ta ned kranen.

Onsdag prøvde dei òg på å få ned kranen.

Det gjekk ikkje like bra. Fleire av sprengladningane gjekk ikkje av, og den over 55 år gamle kjempekranen stod like støtt.

– Me undersøkjer framleis kva som gjekk gale første gongen. Me har ein mistanke, men ønskjer ikkje å gå ut med noko enno, seier Jarle Bøckman til Framtida.no.

Les også: Optimistar trass alt

Goliat gjorde det første løftet sitt på Stord 1. mars 1969.

Då blei den 200 tonn tunge kjelen løfta om bord i supertankaren T/T Kong Haakon. Seinare har kjempekranen blitt brukt i bygginga av nokre av verdas største plattformar på verftet til Kværner Stord. Goliat gjorde sitt siste løft 28. juni 2013, då Goliat løfta på plass helidekk-hytta på bustadmodulen til Eldfisk 2/7 S. Goliat-kranen hadde ein løftekapasitet på 350 tonn.

No er han erstatta av Storen, som kan løfta 800 tonn. Goliat skal no bli til skrapjern. Målet er smelteverket til Celsa Nordic i Mo i Rana. Der skal kranen bli til armeringsjern, ifølgje Teknisk Ukeblad.

Sjå video frå da krana blei flytta:

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus