Meny

Grunnlova kjem på nynorsk

Grunnlova kjem på nynorsk
Grunnlova kjem på nynorsk

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Eit stort fleirtal på Stortinget vil i morgon røysta for at Grunnlova kjem på nynorsk. Bokmål blir det verre med.

Stortinget går truleg inn for å gi Grunnlova ny språkdrakt på bokmål, og at det samtidig kjem ein nynorskversjon.

Fleire parti har flytta på seg, opplyser Helge Thorheim (Frp) i kontroll- og konstitusjonskomiteen til NTB.

Komiteen skal ha eit uformelt møte tidleg måndag kveld, før Stortinget i plenum skal stemma over spørsmålet tysdag. Men ifølgje Thorheim tyder mykje på at språkstriden er løyst, og at saka er avgjort.

Det ser ut til at det blir to tredels fleirtal for forslaget frå Finn-Erik Vinje til ny Grunnlov, som blir kalla for ei moderat oppdatering av språket. I tillegg kjem også Grunnlova på nynorsk, slik ho blei utarbeidd av eit utval leidd av jussprofessor Hans Petter Graver.

Arbeidarpartiet, som opphavleg ønskte ei oppdatering av språket til moderne bokmål, skal no ha slutta seg til forslaget frå Vinje, som tidlegare berre blei støtta av Framstegspartiet. Høgre er venta å gjera det same.

Forhandla inn menneskerettar

Kristeleg Folkeparti, som før helga var klårt mot nynorskversjonen, har skifta syn. Dette fordi dei får inn to formuleringar om menneskerettar i Grunnlova, som dei har tapt tidlegare i arbeidet.

Det gjeldt ei setning om familien sin plass, og ei overordna formulering om menneskerettane.

LES OGSÅ: KrF opnar for hestehandel om Grunnlova

Nynorsken sigrar

Grunnlovsteksten som er utarbeidd av professor Finn-Erik Vinje og fremja av Carl I. Hagen, har eit meir konservativt språk enn bokmålsversjonen som Graver-utvalet føreslo. Men det er Vinje-teksten som no ser ut til å få fleirtal.

– Om dette blir resultatet i morgon, betyr det at nynorsken får ein større bruk enn bokmål i norsk rettspleie, seier saksordførar Per Olaf Lundteigen til bt.no.

Det grunngjev han med at Vinje-versjonen, som truleg vert vedteken, er svært konservativ og gamaldags i forma.

– Det vert mykje lettare for folk å venda seg til nynorskversjonen enn til Vinje når dei skal studera Grunnlova, meiner Lundteigen.

Denne artikkelen ble først publisert i Framtida.no.

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus