Meny

Forbyr Pippi og Ole Brumm frå russisk pensum

Ole Brumm blir ikkje å finna på russisk pensum. Foto: Filmweb

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

– Ole Brumm er upratiotisk, heiter det frå russiske utdanningsstyresmakter.

Bøker frå Astrid Lindgren, A.A. Milne og Brørne Grimm er uønskte frå russisk pensum, melder bladet Utdanning.

«Gnomar, alvar, fakirar med slangar og tre små grisar er neppe eigna til å oppfostra born til patriotisme og gjere dei stolte over sitt folk», står det i grunngjevinga, ifølgje den russiske nettavisa Gazeta.ru. Det rådgjevande organet til departementet, der lærarar er tungt representert, kritiserer kraftig ekspertane sine konklusjonar.

– I ekspertfråsegnene om desse bøkene kan ein sjå absurde formuleringar, som at Ole Brumm og Cippolino er upatriotiske hovudpersonar. Det er heilt opplagt at ei ny vurdering er naudsynt, seier Stanislav Smirnov, ein av dei to leiarane for rådet, til Gazeta.ru. Mellom anna er ei mattebok frårådd på grunn av manglande patriotisme. Ei bok skal ha blitt frårådd etter påstandar om at ho skulle fremja homofili.

LES OGSÅ: Fjernar upassande ord frå ordboka

Tilrådingane frå ekspertane vart først godkjende i Vitenskapelegmetodologisk råd. Viseminister for utdanning, Natalija Tretjak, forsvarer konklusjonane til dette rådet.

– Der er representantar for organisasjonar, lærarar, senatorar, parlamentsmedlemmer og representantar for dei organa som har utført ekspertarbeidet. Det ville ikkje vere korrekt å ikkje ha tillit til desse respekterte personane, seier ho. Utdanningsdepartementet gjer det klart at først om tre år vil det bli gjort ei ny vurdering av lista over tillatne pensumbøker.

LES OGSÅ: Reagerer på dubbing av Pippi

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus