Straffar elevane med Game of Thrones-avsløringar

Kan ein lærar bli meir vond enn Joffrey Baratheon? Foto: pressefoto
Kan ein lærar bli meir vond enn Joffrey Baratheon? Foto: pressefoto
Artikkelen fortsetter under annonsen

Mattelærar tar i bruk drastiske verkemiddel.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva kan ein lærar gjera for å få elevane sine til å vera stille?

Nettavisa Mashable.com omtalar ein ny og effektiv straffemetode. Ein mattelærar som allereie hadde lese bøkene til George R. R. Martin, truga elevane med å avsløra kven som ville døy i den populære fantasyserien Game of Thrones om ikkje elevane slutta å bråka.

Les også: Lagar språk for tv-seriar

Etter at nokre gutar bak i klassen byrja å fnisa, byrja læraren å skriva ned namna på alle karakterane som ville døy i løpet av sesong 3. Alle elevane som enno ikkje hadde sett Red Wedding-episoden fekk seg eit aldri så lite sjokk.

– Eg kan lova deg at det har vore ei religiøs stille etter dette, fortel ein av elevane i klassen ifølgje nettsida danstonchat.com.

Quiz: Kva veit du om skrekkfilm?