Vil ikkje bli politisk broiler

Viljar Hanssen tykkjer tittelen "tidlegare AUF-ar" er trist, men ser for seg eit comeback i politikken. Foto: AUF.
Viljar Hanssen tykkjer tittelen "tidlegare AUF-ar" er trist, men ser for seg eit comeback i politikken. Foto: AUF.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Utøya-overlevande Viljar Hanssen melder seg ut av AUF.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg trur ikkje politikk som einaste karriere er heldig for nokon, sa Viljar Hanssen til Nordlys, som først melde om saka.

LES OGSÅ: Viljar vann valet – og livet

Sleppte nyheita på Facebook Til Framtida fortel Viljar Hanssen at han med dette utspelet vil setje fokus på – og skape debatt om – noko han meiner er eit problem i det norske samfunnet. Eit problem som ikkje vert snakka så mykje om.

– Eg trur det er usunt å leve eit liv i den politiske bobla, forklarar Hanssen.

20-åringen er ein av dei overlevande frå Utøya. Allereie som 13-åring vart han verva inn i AUF. 15 år gamal starta han Svalbard AUF, som ei stund var større enn Svalbard Ap. Der var han leiar fram til 2011.

Les også: - Jeg kjenner på hjernen min

Han har i fleire år sitte i fylkesstyret Troms AUF, og det var på årsmøtet deira denne helga at han sleppte nyheita om at han trer ut av politikken. På si Facebook-side skriv han følgjande:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«AUF har gitt meg noen av mine største, mest fantastiske øyeblikk, men også mine aller verste. Og etter syv år med opplevelser og øyeblikk i AUF er det på tide å ta to skritt tilbake å se seg litt om. Er nå på mitt siste årsmøte, men kommer aldri til å glemme tiden i ungdomspolitikken. AUF er ikke en tittel, et verv, det er en sinnstilstand, og jeg vil alltid være AUF'er.»

For no vil ungdomspolitikaren ut og sjå kva anna livet har å by på, som han skriv på sin Twitter-konto.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Trur du at du kjem attende i politikken?

– Sjølvsagt trur eg det. Eg er fortsatt medlem i Arbeiderpartiet og brenn sterkt for sosialdemokratiet.

LES OGSÅ: Dei yngste på Stortinget

Broilerar i Ap og Høgre Hanssen meiner at det er for mange unge menneskjer som knapt har noko erfaring frå anna enn politikk, og som endar som karrierepolitikarar utan å ha levd eit tilnærma «vanleg» liv. Dei beste politikarane har erfaring frå arbeidslivet, trur den nyleg avgåtte ungdomspolitikaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Dei dyktigaste politikarane er sjeldan dei som berre hoppar frå verv til verv innad i eit politisk parti og aldri har sett politikken frå nokon annan synsvinkel, forklarar Hanssen til Nordlys, og då er det dei politiske broilerane han siktar til.

Han meiner det er for mange slike broilerar i politikken, særleg i dei store partia, som Høgre og Ap.

– Det er typisk for dei partia, seier Hanssen, som understrekar at han ikkje har noko imot desse politikarane. Han vil berre ikkje ende opp som ein av dei.

– Politikk for folket Planen hans no er å studere vidare. Sannsynlegvis vert det leiing, innovasjon og marknadsstudiet til hausten.

Han trur livserfaringar er viktig for ein politikar og meiner det kan vere farleg om det vert eit for stort gap mellom politikarane og dei politikken er til for.

– Politikken er til for folket og då må politikarane vere ein del av folket.

Kamp om posisjonar er ei anna side av politikken han har sett seg lei av.

Likevel, tittelen “tidlegare AUF’ar” tykkjer han er trist. Men det betyr ikkje at han ikkje kan vere ein engasjert samfunnsborgar.

Og Viljar Hanssen er som sagt sikker på at han ikkje er ferdig med politikken.