Meny

– Facebook vil døy ut som ein sjukdom

SOM EIN SJUKDOM: Forskare trur Facebook vil døy ut som ein sjukdom. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Forskarar trur Facebook vil mista 80 prosent av brukarane sine innan 2017.

Ved å samanlikna den raske veksten til Facebook, og utviklinga av ein epidemi, har forskarar ved Princeton-universitetet laga ein modell som viser at Facebook kan mista fire av fem brukarar mellom 2015 og 2017.

– På same måte om sjukdommar, har idear med seg å spreia seg fort mellom folk før dei til slutt døyr ut, skriv forskarane John Cannarella og Joshua A. Spechler i ein artikkel på arXiv.

Les også: Facebook rasar i popularitet blant unge

Forfattarane tar utgangspunkt i kor mange gonger Facebook er skriven inn i søkefeltet til Google.

Etter å ha sjekka Google Trends viser det seg at søketoppen for Facebook var i deseber 2012. Nokre månader før passerte Facebook ein milliard brukarar.

FACEBOOK: Forskarar trur Facebook vil mista 80 prosent av brukarane sine innan 2017. Foto: Princeton UniversityFACEBOOK: Forskarar trur Facebook vil mista 80 prosent av brukarane sine innan 2017. Foto: Princeton University

Forskarane sjekka modellen sin med søketrendane for MySpace, eit sosialt nettverk som nådde toppen i 2008, men sidan mista nesten alle brukarane sine. Ifølgje forskarane passar utviklinga av MySpace-bruk med utviklinga av ein epidemi som til slutt døyr ut.

Forskarane har skapt debatt, og Facebook kallar studien "nonsense", ifølgje The Wall Street Journal.

Les også: Moderhysteriet på Facebook

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus