Manglar fangar – legg ned fengsel

Anstalten Kristianstad er ikkje lenger i bruk som fengsel. Foto: Kriminalvården.
Anstalten Kristianstad er ikkje lenger i bruk som fengsel. Foto: Kriminalvården.
Artikkelen fortsetter under annonsen

I år er fire fengsel og eit varetektsfengsel i Sverige vorte lagt ned grunna fangemangel. Her heime blir det meldt om lange soningskøar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Fengselsbefolking i verda:

• USA 730 per 100.000 (1. plass)
• Russland 522 per 100.000 (5. plass)
• Danmark 74 per 100.000 (169. plass)
• Noreg 73 per 100.000 (170. plass)
• Sverige 70 per 100.000 (174. plass)
• Finland 59 per 100.000 (186. plass)

Kjelde: International Centre for
Prison Studies (ICPS)

– Me har hatt ein uvanleg stor nedgang i talet på innsette, seier direktør i den svenske kriminalomsorgen, Nils Öberg, til britiske The Daily Star.

Naboane våre har fått merksemd i internasjonal presse for den positive utviklinga.

LES OGSÅ: I fengsel for fyrste gong

Jamn nedgang

Sidan 2004 har talet på innsette i svenske fengsel gått ned med ein prosent årleg. Mellom 2011 og 2012 vart det 6 prosent færre fengsla i Sverige. Kriminalomsorgsdirektøren ventar at talet vil synke ytterlegare i år.

Som eit resultat av dette står fengsla i Åby, Håja, Båtshagen og Kristianstad tomme. Planen er å selje to av fengsla, medan to vert nytta til andre føremål i ein periode.

I kontrast til Sverige har talet på innsette stige jamt i Noreg sidan 2008. I august i år stod 1.144 personar i soningskø til norske fengsel, ein kø som var over dobbelt så lang i 2006.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: Norske fengsel er stappfulle

Lenkje om foten

Svenskane har både strengare og mildare straffer enn me har i Noreg.

Sverige bygde nyleg to nye moderne høgtryggleiksfengsel. Her sit dei som er dømd for verkeleg grove brotsverk.

Rundt 150 svenskar sit til ei kvar tid inne på livstid, som i Sverige betyr fengsel resten av livet. Men trass i at svenskane har ei høgare maksimumstraff enn Noreg, er det mange som sonar utanfor fengsel for mindre brotsverk.

Les også: Justisministeren vil kjøpe soningsplasser i Sverige

I 1994 byrja Sverige med elektronisk overvaking utfor fengsel med fotlenkje. Dei er no i verdstoppen når det gjeld slik alternativ soning. Alle personar som får fengselsdommar på under seks månader får tilbod om å sone heime med fotlenkje.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei siste åra har det jamt over vore rundt 2000 som byrjar soning i sin eigen heim med elektronisk overvaking. I fjor var det nesten 2300 som starta soning med fotlenkje i Sverige.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Om me hadde gjort det same, ville dei alle fleste som i dag sit i fengsel, ikkje vore der. Difor er òg svenske fengsl fylt av eit heilt anna klientell enn dei norske, skriv kriminolog Thomas Ugelvik ved Universitetet i Oslo (UiO) i ein e-post.

Noreg ligg bak

I 2012 gjennomførte 1300 personar soninga si med elektronisk kontroll – fotlenkje – i Noreg.

KRUS-forskar Ragnar Kristoffersen har forska på statistikk frå kriminalomsorgen i dei nordiske landa. Han fortel at dei nordiske landa har ganske jamne fangetal i forhold til folketalet, men at Sverige peikar seg ut med at ein større del av straffene kjem inn under friomsorgen.

Sverige har ein fengselsbefolkning på 70 innbyggjarar per 100.000 svenskar. Trass i at me ikkje har hatt den same nedgangen som våre naboar, ligg Noreg ikkje langt bak med 73 innsette per 100.000.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er lenge til me i Noreg ser eit like stort tal på personar i alternativ soning som i Sverige, seier forskaren, som minnar om at Sverige har eit høgare folketal.

LES OGSÅ: Vil skilje kvinner og menn i fengsel

Straffar fleire

Kristoffersen er ikkje sikker på at fangetala i Sverige vil fortsetje nedover. Han trur heller ikkje at det er mindre kriminalitet i Sverige som er einaste orsaka.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei mogleg forklaring kan vere at ein stadig større del av brotsverka vert gjort av utanlandske statsborgarar, og at desse sakene er tyngre å oppklara. Auka bruk av varetekt tyder på det.

Likevel er det ikkje all straff utanfor fengsel som avlastar fengsela.

– Ein del av dei som får samfunnsstraff i Sverige får det for så små brotsverk at dei ikkje hadde vorte straffa i Noreg, fortel Kristoffersen.

Her heime kan ein søkje om fotlenkje om ein har fått ein fengselsdom på under fire månader, eller har fire månader att til prøveløyslating.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tilbodet er berre tilgjengeleg i tolv av landets fylker. Det diskuterast no om fotlenkje skal vere eit alternativ for fengselsdommar opp til eit halvt år òg i Noreg.

Mildare straffer

Odd Lindberg er professor i samfunnsvitskap og sosialt arbeid ved Örebro universitet i Sverige. Han fortel at statistikken over innsette peikar svakt nedover i Europa, noko som får forskarane til å klø seg i hovudet. Men Sverige peikar seg særleg ut.

Lindberg meiner det er lite sannsynleg at talet på innsette speglar ein nedgang i kriminalitet og meldingar til politiet i Sverige. Mange faktorar spelar inn.

– Det kan vere fordi færre brotsverk vert oppklarte, fordi domstolane gjev meir heimesoning og mildare straffer for mellom anna narkotikabrotsverk og det kan ha med effekten av rehabiliteringsprogram i fengsel, sjølv om dette sannsynlegvis er ein liten del, forklarar Lindberg.

I 2012 starta 2300 personar i Sverige med elektronisk soning i heimen sin. Eit par hundre av desse kom frå soning i fengsel, men fleirparten er nye.

Denne typen soning sparar samfunnet for store summar og held førstegongsforbrytarar utfor fengsel.