«Neger» er ut – kvinner tar mest omsyn

Ein del ord og orddefinisjonar i Nynorskordboka vert i dag oppfatta som nedsetjande. No ryddar Helene Urdland-Karlsen (f.v.), Christian-Emil Ore og Bjørghild Kjelsvik opp i den 27 år gamle ordboka. FOTO: Yngve Vogt, Apollon
Ein del ord og orddefinisjonar i Nynorskordboka vert i dag oppfatta som nedsetjande. No ryddar Helene Urdland-Karlsen (f.v.), Christian-Emil Ore og Bjørghild Kjelsvik opp i den 27 år gamle ordboka. FOTO: Yngve Vogt, Apollon
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei fleste språkbrukarar vel bort orda «neger» til fordel for ord som «mørk» eller «afrikanar», viser undersøking om støytande språkbruk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Språkforskarane Edit Bugge frå Høgskulen i Bergen, Ingunn Indrebø Ims frå Universitetet i Oslo og Endre Brunstad frå Universitetet i Bergen har utført undersøkinga «Har du ein støytande språkbruk?» for Språkrådet. Undersøkinga er utført som ein språktest på NRKs nettsider, der 15.500 lesarar har oppgjeve kva for formuleringar dei meiner er mest passande i 23 ulike samanhengar.

Undersøkinga blir presentert på konferansen Språkdagen 2013 – Troll i ord? i dag.

LES OGSÅ: Fjernar upassande ord frå ordboka

Nesten ingen nyttar «neger»

I eit av spørsmåla har deltakarane hatt valet mellom å skriva at mora til forfattaren Alexandre Dumas var «svart», «afrikansk» eller «neger». 20 prosent vel «svart», 73 prosent «afrikansk» og 7 prosent «neger». I eit anna av spørsmåla har deltakarane hatt valet mellom å omtale ei kvinne frå New Orleans som «mørk», «afroamerikanar», «neger», «negresse» eller «svart». 39 prosent vel «mørk», 33 prosent vel «afroamerikanar», 9 prosent vel «neger», 4 prosent vel «negresse» og 16 prosent vel «svart».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei 23 spørsmåla tek for seg korleis folk omtalar andre sine eigenskapar eller bakgrunn. Svaralternativa er blant anna henta frå lister over tilrådd og frårådd språkbruk frå ei rekkje interesseorganisasjonar, blant andre Noregs Handikapforbund og Noregs Blindeforbund.

QUIZ: Prøv deg på Språkdirektørens teiknspråkquiz!

Klare kjønnsforskjellar

– Det er tydeleg at kvinner vel ord i tråd med tilrådingane til interesseorganisasjonane i større grad enn det mennene gjer. Til dømes vel fleirtalet av kvinner å bruke «teiknspråkstolk» føre «døvetolk», i motsetnad til menn, seier dei tre forskarane bak undersøkinga i ei pressemelding.

Testresultata, som blir lagt fram på Språkdagen 2013, omfattar òg ord som er i bruk i norske medium, og som tilsynelatande tyder det same, til dømes «sigøynar» og «romfolk», «tater» og «reisande», «kebabnorsk» og «multietnolekt».

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Resultata frå testen gjev ein indikasjon på kva som blir oppfatta som korrekt og passande språkbruk i dag. Undersøkinga gjev ny kunnskap om eit emne mange har sterke meiningar om, men som har vore lite undersøkt, seier direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen.

LES OGSÅ: - Sosiale medium øydelegg språket

LES OGSÅ: - Sikrare sex med vår verbbøying