Terningkast to til Frp

Per Sandberg meiner terningkasta til Kirkens Nødhjelp bygger på fordommar. Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix
Per Sandberg meiner terningkasta til Kirkens Nødhjelp bygger på fordommar. Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kirkens Nødhjelp gjev partiet sin utviklingspolitikk terningkast 2, og karakteriserar stortingsprogrammet som «uansvarleg sett med utviklingspolitiske briller».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Høgste terningkast går til KrF, som får 5+ for sin klima-, bistands- og utviklingspolitikk.

Dette kjem fram i analysen «Globalt valg 2013», lagt fram av Kirkens Nødhjelp under Arendalsuka. Organisasjonen har vurdert korleis politikken til stortingspartia vil påverke menneske i andre delar av verda, mellom anna på område som våpeneksport, bistand, forvaltinga av oljefondet og klima og energi.

LES OGSÅ: Bistand bidreg til vekst

Fordommar

– Slike terningkast lar eg meg ikkje røre av. Dei bygger mykje på fordommar, og det er opplest og vedteke at FrP er uansvarlege, seier Per Sandberg til Framtida.no.

Les også: - Utlendinger tjener til livets opphold i norske fengsler

Det Kirkens Nødhjelp er særleg kritiske til er partiets skepsis til menneskeskapte klimaendringar, som dei meiner er uansvarleg.

– Vi i FrP har ein realistisk miljø- og klimapolitikk, medan dei andre partia konkurrerar om kven som kan love størst kutt. Grunnen til at dei ikkje likar vår politikk er at den ikkje går utover folk, vi har tru på ei positiv tilnærming og ein dugnad, ikkje forbod og påbod.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kirkens Nødhjelp meiner også partiet skriv lite om utviklingspolitiske tema i programmet, og er kritiske til at omsynet til etisk forvalting av oljefondet ikkje er ivareteke. Samstundes meiner dei det er bra at partiet er positive til tilgang til marknaden for utviklingslanda, men at full frihandel ikkje vil vera det beste for landa og at dei har eit behov for å verna seg på verdsmarknaden.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Handel er realistisk hjelp, noko også Erik Solheim har sagt, og då må næringslivet inn, seier Sandberg.

Les også: – Frps politikk vil gi et løft til verdens fattige

Han legg til at dei ikkje har som mål å redde heile verda, som er noko ein ikkje klarar, men at det er viktigare å gje folk høve til å lyfte seg sjølv ut av fattigdommen og at handel er ein betre må å hjelpe på. Samstundes ynskjer partiet å kutte bistandsbudsjettet til 0,7% av BNP.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er ikkje småpengar. Det er det same bistandsbudsjettet dei raudgrøne hadde i 2005 og meir enn nesten alle land i OECD. Fokus må vera på å få midlane fram. Vi kan ikkje gje 350 millionar i bistand til Uganda så presidenten kan gå bort å kjøpe seg eit nytt fly. I dag gjev Noreg bistand til 113 land, halvparten vert misleghalde. Vi gjev bistand til 11 av dei 12 mest korrupte landa i verda og til land som gjev bistand vidare til andre land, seier Sandberg.

Han meiner at meir av midlane som vert brukt må gå til utdanning av kvinner og barn i større grad enn dag.

LES OGSÅ: Gjev bistand til dei mest korrupte

Bommar totalt

Partia som fylgjer etter som dei dårlegaste i utviklingsklassa er Senterpartiet og Høgre, som begge får terningkast 3-.

Høgre får trekk for å skrive lite om sentrale utviklingspolitiske tema, mellom anna fordi skatteflukt og våpeneksport ikkje er nemnd i programmet. «Samla er det lite her som tilseier at Høgre skal drive ein aktiv og samstemt utviklingspolitikk», skriv Kirkens Nødhjelp. Dei modererar likevel vurderinga, og gjev terningkast 4- til partiets utviklingspolitiske dokument, som er vedteke av stortingsgruppa.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Kirkens Nødhjelp bommar totalt. Det er mange ting vi medvite ikkje nemnar i programmet vårt, som pengeløfte og prosentar. Programmet skal handle om kva retning vi vil ha. Vår utviklingspolitikk er heilskapeleg, der det viktigaste er å gje fattige menneske høve til å jobbe seg ut av fattigdom, sa Høgres utviklingspolitiske talsmann, Peter S. Gitmark i debatt på Arendalsuka. Han la også vekt på det utviklingspolitiske dokumentet, som det mest omfattande lagt fram av noko parti.

– Kva etterspør dei fattigaste landa? Jo, økonomisk vekst og større respekt for menneskerettane. Det er det som gjev nok utvikling, heldt Gitmark fram.

Saka fortset under biletet.

Til høgre Peter S. Gitmark forsvarar Høgres utviklingspolitikk, her i debatt med Snorre Valen(SV) og Kjell Ingolf Ropstad(KrF).

«Mager»

Kirkens Nødhjelp skildrar politikken til Senterpartiet som «mager» når det kjem til utvikling og klima. Dei fryktar at omsynet til nasjonale interesser vil vega vesentleg tyngre enn omsynet til klima og utvikling når det er konflikt mellom desse, særleg på handelsområdet. Partiet får derimot skryt for å støtte ein ny klimaavtale, og vedkjenne ansvaret rike land har i klimapolitikken.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Arbeidarpartiet får ein rein 3-ar for sitt program, og får ros for gode utviklingspolitiske tiltak på bistand, internasjonal openheit og gjeldssletting. Men Kirkens Nødhjelp er uroa for område der nasjonale interesse står i motsetnad til utviklingsinteresse. Og meiner «ulike delar av programmet står i direkte motsetnadsforhold» på område som handelspolitikk, klima- og miljøpolitikk, forvaltinga av oljefondet og reguleringa av norsk våpeneksport.

Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: Hjelper romfolk – i Romania

Småpartia best

Kirkens Nødhjelp meiner KrF, SV og Venste har den beste utviklingspolitikken. Mellom anna fordi dei har ein vesentleg meir uttala politikk på relevante felt, og fordi dei har sett seg høgare mål enn det andre parti. Best i klassen er KrF, som får terningkast 5+ med eit «svært godt program på utviklings- og miljøpolitikk på alle felt» som er vurdert i rapporten.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vi set menneskeverdet i sentrum, alle menneske er like mykje verd og må få oppfylt sine menneskerettar. Å talfeste meir pengar til bistand gjer at vi kjem endå lenger, sa stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad.

Samstundes vert partiet utfordra på prioritering, med eit av dei lengste partiprogramma meiner Kirkens Nødhjelp dei har mykje å leve opp til ved eventuell regjeringsdeltaking. «Vil dei då prioritere å levere bra utviklings- og klimapolitikk, eller vil dei prioritere andre politiske område?» spør organisasjonen.

Venstres program vert karakterisert som «tidvis svært sterkt» i utviklingspolitikken, og får terningkast 4+. Kirkens Nødhjelp rosar partiet for politikken på klima, våpeneksport, oljefondet og bistand, men meiner dei kunne vore tydlegare på konkrete tiltak innan internasjonal skattelegging.

LES OGSÅ: Partiprogramma er tungt lesestoff